Komotiní
Komotiní Lokalt namn Κομοτηνή | |
---|---|
Frå gamlebyen med hovudmoskeen og klokketårnet | |
Geografi | |
Stad | Thráki |
Koordinatar | 41°07′N 25°24′E / 41.117°N 25.400°E |
Areal | 644,7 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining |
Aust-Makedonía og Thráki Rodópi |
Hovudsete | Komotiní (51 732 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 65 243 (2021[1]) |
Folketettleik | 101,2 /km² |
Komotiní (gresk Κομοτηνή, bulgarsk Гюмюрджина Gjumjurdzjina, tyrkisk Gümülcine) er ein by i periferieininga Rodópi i periferien Aust-Makedonía og Thráki i Hellas. Han er hovudsete i kommunen med same namn og er hovudstad både i periferieininga og i periferien.
Komotiní har lenge vore ein travel gresk by og eit handelssenter ved krossvegen mellom sivilisasjonar. Byen har like over 50 000 innbyggjarar i tillegg til 13 000 studentar og soldatar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen voks fram langs Via Egnatia, den romerske vegen som gjekk frå Dyrrhachium til Konstantinopel, først under skuggen til Maximianopolis og så under den osmanske perioden. Under Austromarriket vart festninga og den omliggande busetnaden kalla Koumoutzina eller Komotina, og under Det osmanske riket var Komotiní kalla Gümülcine - eit namn som framleis vert nytta av den muslimske minoriteten i byen.
Under den første balkankrigen erobra bulgarske styrkar byen, men måtte overgje han til den greske hæren under den andre balkankrigen i 1913. Bucharesttraktaten gjorde derimot at Hellas måtte gje området tilbake til Bulgaria. Byen vart verande ein del av Bulgaria fram til etter den første verdskrigen. I denne korte perioden vart republikken Gumuljina oppretta i Vest-Thrakia, der Komotiní vart hovudstad. I 1919 medførte Neuillytraktaten at Komotiní kom tilbake til Hellas i lag med resten av Vest-Thrakia.
Administrativ inndeling
[endre | endre wikiteksten]Frå 2011 omfattar kommunen Komotiní òg dei tidlegare kommunane Éjiros og Néo Sidirokhóri. Dei tre tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]
Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen 65 243 innbyggjarar, medan kommunaleininga Komotiní hadde 60 160 og tettstaden med same namn 51 732 innbyggjarar.[1]
Byar og tettstader
[endre | endre wikiteksten]Dei største byane og tettstadene i kommunen er:
Tettstad | Kommunaleining | Folketal 2011[3] | Folketal 2021[1] |
---|---|---|---|
Komotiní | Komotiní | 50 990 | 51 732 |
Ífestos | Komotiní | 1 910 | 1 348 |
Rodítis | Komotiní | 1 018 | 1 078 |
Kósmio | Komotiní | 922 | 905 |
Éjiros | Éjiros | 924 | 777 |
Kálkhas | Komotiní | 634 | 598 |
Kikídio | Komotiní | 610 | 566 |
Thrylório | Komotiní | 620 | 550 |
Fanári | Éjiros | 490 | 438 |
Néo Sidirokhóri | Néo Sidirokhóri | 567 | 436 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2021
- ↑ Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023 - ↑ Folketeljing 2011, revidert
- Denne artikkelen bygger på «Komotini» frå Wikipedia på engelsk, den 18. september 2007.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad (gresk)