Periferiar i Hellas
Utsjånad
(Omdirigert frå Periferi i Hellas)
Periferiane i Hellas (gresk περιφέρεια, periféria) utgjer ei administrativ inndeling i Hellas. Det er 13 periferiar (ni på fastlandet og fire øygrupper). Periferiane er delte inn i 74 periferieiningar som frå 2010 erstattar dei 54 prefektura.[1] Tradisjonelt, og fram til 1987 òg offisielt, var det ti regionar i Hellas, som framleis ofte vert nytta uoffisielt.
- Aust-Makedonía og Thráki
- Sentral-Makedonía
- Vest-Makedonía
- Ípiros
- Thessalía
- Dei joniske øyane
- Vest-Hellas
- Sentral-Hellas
- Attikí
- Peloponnes
- Dei nordlege egeiske øyane
- Dei sørlege egeiske øyane
- Kreta
I tillegg finst det ein autonom region kalla Áthos (14), som grensar til Sentral-Makedonía. Dette er ein munkestat under gresk suverenitet. Han ligg på den austlegaste av dei tre store «fingrane» som stikk ut i Egearhavet frå halvøya Khalkidikí.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Peripheries of Greece» frå Wikipedia på engelsk, den 23. juli 2007.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023