Hopp til innhald

Khakassisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Khakassisk
Хакас тілі
Klassifisering tyrkisk
 Nordtyrkisk[1]
Bruk
Khakassisktalande i alt 42600[2]
Skriftsystem Kyrillisk
Offisiell status
Offisielt språk i Khakassia (Russland)
Språkkodar
ISO 639-3 kjh
Glottolog khak1248

Khakassisk er eit tyrkisk språk som vert tala av omtrent 43 000 menneske i den russiske autonome republikken Khakasia i området rundt Abakanelva, den vestlege bielva til Jenisej. I den sovjetiske folketeljinga i 1989 oppgav 76,1 % av khakassane at dei hadde khakassisk som morsmål.

Khakassisk vert òg tala sør for byen Kansk i Krasnojarsk-territoriet.

Khakassisk vert skrive med det kyrilliske alfabetet.

  1. Gregory D. S. Anderson (2005). Language Contact in South Central Siberia. Otto Harrassowitz Verlag. s. 44–. ISBN 978-3-447-04812-5. 
  2. Ethnologue, etter folketeljinga frå 2010.