Uigurisk
Uigurisk ئۇيغۇرچە, Uyƣurqə, уйғурчә | ||
Klassifisering | Altaisk Tyrkisk Austtyrkisk Uigurisk | |
Bruk | ||
Tala i | Folkerepublikken Kina Kasakhstan | |
Uigurisktalande i alt | 7 601 000[1] | |
Skriftsystem | Det arabiske alfabetet og det kyrilliske alfabetet | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | ug | |
ISO 639-2 | uig | |
ISO 639-3 | uig | |
Wikipedia på uigurisk |
Uigurisk er eit tyrkisk språk som blir tala av uigurar. Det blir tala av rundt 8,5 millionar menneske i Kina og 300 000 i Kasakhstan, i tillegg til fleire andre land. Dei fleste uigurar i Kina bur i den autonome regionen Xinjiang, der uigurisk er offisielt språk saman med kinesisk.
Som mange andre tyrkiske språk er uigurisk eit agglutinerande SOV-språk med vokalharmoni. Det deler ikkje substantiv inn i nominalklassar som kjønn. Særeige for uigurisk, særleg for nordlege dialaktar, er vokalreduksjon og omlyd.
Slektskap
[endre | endre wikiteksten]Gammaluigurisk blei tala i uigur-rika i Xinjiang rundt 800–1000-talet. Dette språket er nesten identisk med gammaltyrkisk.
Moderne uigurisk høyrer til den austlege delen den uigurisk-tyrkiske språkgruppa, som også omfattar salarisk, vest-jugurisk og fleire mindre språk. Usbekisk utgjer den vestlege delen av språkgruppa. Ordforrådet i språket er sterkt påverka av kinesisk, russisk og arabisk, medan lydlæra er påverka av iranske og tokariske substrat.
Skriftspråk
[endre | endre wikiteksten]Uigurisk blir i dag skrive med eit tilverka arabisk alfabet i Kina, men har tidlegare også vore skrive med latinske bokstavar. Ein gjekk over frå arabiske til latinske bokstavar i 1960, og tilbake igjen til eit tillempa arabisk alfabet i 1983. I Kasakhstan bruker ein kyrilliske bokstavar.
Dei eldste uiguriske tekstane går tilbake til 700-talet. Dei blei skrivne med det persiske sogdianalfabetet som etterkvart blei utvikla til det gamle uighuralfabetet. Eldre uigurisk litteratur er hovudsakleg buddhistisk.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Artikkelen bygger på «Uigurisk» frå Wikipedia på bokmål, den 26. mars 2012.
- Artikkelen bygger på «Uyghur Turkic languages» frå Wikipedia på engelsk, og «Uyghur alphabets» frå Wikipedia på engelsk den 26. mars 2012.
«uigurisk» i Store norske leksikon, snl.no.
- Fotnotar