Hopp til innhald

Antony Hewish

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Antony Hewish

FøddAntony Hewish
11. mai 1924 (100 år)
Fowey
Død13. september 2021
NasjonalitetBritisk
OmrådeRadioastronomi
Yrkeastronom, astrofysikar, fysikar, universitetslærar
InstitusjonarCavendish Laboratory
Yale University
Mullard Radio Astronomy Observatory
Alma materGonville and Caius College
University of Cambridge
King's College
Kjend forPulsarar
UtmerkingarEddingtonmedaljen (1969)
Karl Schwarzschild-medaljen (1971)
Nobelprisen i fysikk (1974)
Hughesmedaljen (1977)
MedlemRoyal Society
American Academy of Arts and Sciences
Indias nasjonale vitenskapsakademi
Academia Europaea
Koninklijke Vlaamse Academie van België voor Wetenschappen en Kunsten
ReligionKristendom

Antony Hewish (fødd 11. mai 1924) er ein britisk radioastronom og nobelprisvinnar.

Saman med landsmannen Sir Martin Ryle vart han tildelt nobelprisen i fysikk i 1974 for banebrytande arbeid innan radioastrofysikken: Ryle for sine observasjonar og oppfinningar, særskilt apertursynteseteknikken, og Hewish for innsatsen sin ved oppdaginga av pulsarane.

Etter utdanninga ved University of Cambridge slutta Hewish seg i 1946 til ei gruppe radioastronomar som vart leia av Sir Martin Ryle. Medan han leia eit forskingsprosjekt ved Mullard Radio Astronomy Observatory ved Cambridge i 1967, observerte ein av hans studenter, Jocelyn Bell, regelmessig pulserande radiosignal frå ei ukjend kjelde. Hewish forstod tydinga av observasjonen, og lukkast å konstatere at signala ikkje var interferens frå noko kjelde på jorda, men at dei måtte kome frå ei hittil ukjend type stjerne. Seinare har ein fastslått at signal av denne typen vert sende ut av hurtig rotererande nøytronstjerner. Tildelinga av nobelprisen til Hewish og Ryle, utan å verdsette innsatsen til Jocelyn Bell, er i ettertid blitt kritisert.

Prisar (utval)

[endre | endre wikiteksten]