Alma mater
Alma mater (latin for 'nærande mor') er eit omgrep opphavleg brukt av romerske diktarar om ulike gudinner, men sidan om lag renessansen også om universitet. I dag blir det gjerne brukt om eit universitet eller annan utdanninginstitusjon nokon har gått på.[1]
Romerske diktarar brukte «alma mater» som tilnamn for fleire gudinner, som Ceres, Tellus og Venus. Etter at Roma fall blei omgrepet også brukt innan kristen liturgi om jomfru Maria, som i «Alma Redemptoris Mater» frå 1000-talet.[2]
Frå om lag 1400-talet byrja ein bruka «alma mater» om universitet på engelsk.[3] I 1600 tok trykkaren John Legate ved Cambridge University Press i bruk eit emblem av ei naken, mjølkegjevande kvinne med ei murkrone på hovudet med innskrifta «Alma Mater Cantabrigia».[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Alma mater», Dictionary.com]. Henta 10. oktober 2015.
- ↑ Sollors, Werner (1986). Beyond Ethnicity: Consent and Descent in American Culture. Oxford University Press. s. 78. ISBN 9780198020721.
- ↑ «alma mater, n.» OED Online. Oxford University Press, September 2015. Web. 10 October 2015.
- ↑ Stokes, Henry Paine (1919). Cambridge stationers, printers, bookbinders, &c. Cambridge: Bowes & Bowes. s. 12. Henta 18 May 2015.; Roberts, S. C. (1921). A History of the Cambridge University Press 1521-1921. Cambridge: Cambridge University Press. Henta 18 May 2015.; Stubbings, Frank H. (1995). Bedders, Bulldogs and Bedells: A Cambridge Glossary (2nd utg.). s. 39.; Perkins, William (1600). A Golden Chaine: Or, the Description of Theologie, containing the order and causes of salvation and damnation, according to God's word. Cambridge: University of Cambridge. Henta 18 May 2015.
- «Alma mater», Store norske leksikon, 14. februar 2009