Faktaboks

Mette Tønder
Fødd
3. november 1969, Lørenskog, Akershus
Mette Tønder.
Stortinget.

Mette Tønder er ein norsk jurist og politikar for Høgre. Ho var stortingsrepresentant frå Akershus 2013–2017.

Bakgrunn

Mette Tønder er fødd i Lørenskog og voks opp i Nittedal. Ho er utdanna cand.jur. ved Universitetet i Oslo i 1999. Tønder var tilsett hos namsmannen i Oslo 1999–2004.

Politisk karriere

Ho var varamedlem i Nittedal kommunestyre 1999–2003, kommunestyrerepresentant og medlem av formannskapet 2003–2007, før ho var ordførar 2007–2011. Ho var rådgivar for stortingsgruppa til Høgre 2004–2007. I perioden 2012–2013 var ho rådgivar i Høgres hovudorganisasjonen.

I perioden 2009–2013 var ho vararepresentant til Stortinget og var stortingsrepresentant frå Akershus 2013–2017. På Stortinget var ho medlem av familie- og kulturkomiteen.

Andre verv

Mette Tønder var medlem av styret i Ahus 2012–2013, og ho har vore styreleiar i Kommunenes Sentralforbund (KS) i Akershus.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.