Faktaboks

Etymologi
av norrønt Elfardalr, ‘elvedal’
Administrasjonssenter
Alvdal
Fylke
Innlandet (frå 01.01.2020, tidlegare Hedmark)
Innbyggjartal
2 526 (2024)
Landareal
919 km²
Høgaste fjell
Storsølnkletten (1827 moh.)
Innbyggjarnamn
alvdøl
Målform
nøytral
Kommunenummer
3428 (frå 01.01.2020, tidlegare 0438)

Kommunevåpen

Kart: Alvdal kommune i Innlandet

Alvdal kommune i Innlandet fylke.

Kart: Alvdal kommune i Innlandet
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Alvdal

Alvdal med noko av den oppdyrka, vide dalbotnen i forgrunnen, sentrumsområdet med kyrkja og Storsteigen landbruksskole til venstre (dei raude bygningane). I bakgrunnen ligg Tronfjell, som har bilveg opp til 1666 meter over havet. Tronsvangen setergrend ligg øvst ved tregrensa.

Av /NTB Scanpix ※.

Alvdal er ein kommune i Nord-Østerdal i Innlandet fylke, på begge sider av Glåma og ved det nedre løpet av Folla. Kommunen grensar i sør mot Stor-Elvdal, i vest mot Folldal, i nord mot Tynset, der nordspissen av Alvdal når til Savalen, og i aust mot Tynset og Rendalen. Kommunen heitte fram til 1917 Lilleelvdalen.

Natur

Berggrunnen er mest sparagmitt (sandstein) i sør og lausare fyllitt i nord. Høgt oppstikkande fjelltoppar av den hardare bergarten gabbro er Tron og Storsølnkletten, som hevar seg opp til høvesvis 1666 og 1827 meter over havet. Storsølnkletten ligg i Alvdal Vestfjell, som elles er godt utbygd til turist- og friluftsføremål. Under ein prosent av kommunens areal er verna som naturreservat (2023).

Befolkning og busetjing

Folketal

1951 2569
1952 2569
1953 2562
1954 2561
1955 2563
1956 2568
1957 2570
1958 2600
1959 2617
1960 2610
1961 2615
1962 2630
1963 2636
1964 2599
1965 2606
1966 2584
1967 2607
1968 2637
1969 2734
1970 2717
1971 2692
1972 2578
1973 2527
1974 2524
1975 2510
1976 2463
1977 2469
1978 2457
1979 2442
1980 2441
1981 2462
1982 2485
1983 2470
1984 2469
1985 2478
1986 2464
1987 2458
1988 2443
1989 2437
1990 2434
1991 2430
1992 2435
1993 2441
1994 2426
1995 2433
1996 2429
1997 2421
1998 2417
1999 2415
2000 2417
2001 2415
2002 2409
2003 2422
2004 2406
2005 2416
2006 2392
2007 2430
2008 2413
2009 2399
2010 2441
2011 2447
2012 2431
2013 2449
2014 2432
2015 2418
2016 2426
2017 2441
2018 2424
2019 2418
2020 2432
2021 2405
2022 2445
2023 2493
2024 2526
Kilde: Statistisk sentralbyrå

Ein tredel av innbyggjarane bur i kommunesenteret Alvdal, til dagleg kalla Steia, som ligg der Glåma og Folla møtest. Busetjinga er elles konsentrert til stroka langs Folla og langs Glåma nord for Alvdal sentrum. Sørover langs Glåma er busetjinga meir sparsam. Det har skjedd etter måten små endringar i busetjingsmønsteret i Alvdal, sjølv om tettstaden har vakse noko raskare enn resten av kommunen. Folketalet i kommunen har vore relativt stabilt dei siste tiåra. I tiårsperioden 2015-2024 auka folketalet med 4,5 prosent, mot 2,2 prosent for fylket samla sett. Det er den største auken blant kommunane i Nord-Østerdal i denne tidbolken.

Det er éin tettstad i kommunen (ifylgje Statistisk sentralbyrås definisjon): Alvdal med 794 innbyggjarar (2023). 31 prosent av innbyggjarane i kommunen bur her. Tettstaden er 1,4 km².

Næringsliv

Alvdal er ein landbruks- og industrikommune. I 2021 var 10,6 prosent av dei yrkesaktive sysselsette i primærnæringane og 14,7 prosent i industrien (landsgjennomsnittet var høvesvis 2,3 og 7,6 prosent). Gardane ligg på innsjøavsetningar frå slutten av siste istid, og på jordsmonn som er forma vidare av elvane. Hovudvekta ligg på husdyrhald. Avverkinga i skogen låg på 36 000 m3 årleg i perioden 2018-2022. Fire femdelar av dette var furu.

Alvdal Skurlag, Synnøve Finden Meierier og elektronikkprodusenten Alphatron er viktige industriverksemder. Turismen er i vekst.

Alvdal har middels stor vasskraftproduksjon. Dei to vasskraftverka i kommunen produserer til saman 173 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Savalen (i drift fra 1971), som står for om lag nitti prosent av vasskraftproduksjonen. Hafslund ECO Vannkraft er hovudeigar av om lag nitti prosent av vasskraftproduksjonen i kommunen. Resten eiges av Østerdalen Kraftproduksjon.

Samferdsel

Bellingmo
Riksveg 3 og Rørosbanen ved Bellingmo.
Av /Bahnbilder.
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Langs Glåma går Rørosbanen og riksveg 3 (Kolomoen–Elverum–Tynset–Ulsberg). Langs Folla går fylkesveg 29 til Hjerkinn. Til toppen av Tron fører den nest høgaste bilvegen i Noreg, bygd til kommunikasjonsanlegget på toppen.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Storsteigen videregående skole i Alvdal

Alvdal høyrer til Innlandet politidistrikt, Østre Innlandet tingrett og Eidsivating lagmannsrett. Tynset sjukehus er ei avdeling av Sykehuset Innlandet HF.

Kommunen er med i Fjellregionen regionråd saman med Folldal, Os, Rendalen, Røros, Tolga og Tynset.

Alvdal kommune svarar til soknet Alvdal i Nord-Østerdal prosti (Hamar bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Alvdal til Nordre Østerdalen fogderi (futedømme) i Hedemarkens amt.

Delområde og grunnkrinsar i Alvdal

For statistiske formål er Alvdal kommune (per 2016) delt inn i to delområde med til saman 22 grunnkrinsar:

  • Steigen: Strand - Barkald, Kveberg, Baugen, Sørhus, Kvernbekken, Alvdal stasjon, Steilia, Grimshaugen, Sandegga, Finnbudalen, Svartbekkjølen, Tegningdalen
  • Plassen: Brandvoll, Auma, Sivildalen, Måna, Brekkli, Hyttemoen, Plassmoen, Lian, Egnund, Sølndalen

Historikk og kultur

Gruvedrifta har ein sentral plass i Alvdals historie. Lovise hytte på Plassen blei laga til i 1748 med drift fram til 1879. Aktiviteten rundt smeltehytta fekk mykje å seie for framveksten av bygdesamfunnet Alvdal. Husantunet er eit bygdetun med restaurerte og freda bygningar, av dette eitt frå 1600-talet.

I skog- og fjellområda er det registrert og delvis skilta rundt 750 dyregraver som formar større fangstanlegg. Det er også registrert vel 100 jernblester som var i bruk frå 1400-talet og fram til omkring 1750.

Huset Aukrust, som opna i 1996, er teikna av Sverre Fehn og rommar Kjell Aukrusts måleri, teikningar, litteratur og oppfinningar. På Steia har Aukrust, saman med figurane Solan Gundersen og Ludvig, fått eit monument skapt av Nils Aas.

Den indiske filosofen Sri Ananda Acharya, som budde ved foten av Tron, er gravlagt nedanfor Trontoppen, på vestsida.

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet blei godkjent i 1988 og viser to skrått framveksande sølvski på blå bakgrunn, og viser til Alvdal som skikommune. Eit av Noregs eldste skifunn er gjort her.

Kart

Kart over Alvdal kommune
Kart over Alvdal kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Braseth, Leif: Drømmen om den store malmåra : Alvdals gruvehistorie, 1995, isbn 82-991797-2-6. Les boka på nb.no.
  • Eggset, Alf: Alvdal bygdebok, bind 1-4, 2011-2015.
  • Steimoeggen, Einar: Alvdal : ei bygdebok, 1952–1966, to bind.

Kommentarar (2)

skreiv Aksel-Johan Hegrem

Det heter ikke lenger Aukrustsenteret, men Huset Aukrust. Jf. https://www.aukrust.no/ og https://www.alvdalmiv.no/2019/nyheter/aukrustsenteret-gjor-endringer-og-bytter-navn/

svarte Tomaris Semet

Hei! Takk, dette er nå oppdatert i bildeteksten. Med beste hilsen Tomaris.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.