Vassmannen
Vassmannen | |
---|---|
Latinsk namn | Aquarius |
Forkorting | Aqr |
Genitivsform | Aquarii |
Symbologi | Vassberaren |
Rektasensjon | 23 h |
Deklinasjon | −15° |
Areal | 980 kvadratgrader nr. 10 av stjernebilda |
Stjerner sterkare enn mag. 3 |
2 |
Sterkaste stjerne | β Aqr (Sadalsuud) (2,9. mag.) |
Meteorsvermar |
|
Tilgrensande stjernebilde |
|
Synleg mellom breiddegradane +65° og −90° | |
Vassmannen (frå latin Aquarius) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. Det ligg mellom Steinbukken og Fiskane.
Vassmannen er eit av dei eldste av ei anerkjente stjerneteikna langs dyrekrinsen (den tilsynelatande vegen sola går over himmelen).[1] Det var eit av 48 stjerneteikn som vart oppført av astronomen Klaudios Ptolemaios og er eit av dei 88 moderne stjerneteikna. Vassmannen ligg i eit område som ofte vert kalla Havet fordi det ligg fleire stjerneteikn som er knytt til vatn, som Kvalfisken, Fiskane og Floda.[2]
Kjende lekamar
[endre | endre wikiteksten]Stjerner
[endre | endre wikiteksten]Trass i den framståande plasseringa i dyrekrinsen og den store storleiken, så har ikkje Vassmannen nokre spesielt lyssterke stjerner, og dei fire mest lyssterke er svakare enn storleiksorden 2.[3] Nyar forsking har synt at fleire stjerner som ligg i ytterkanten av stjerneteiknet har planetsystem.
α Aquarii, òg kjend som Sadalmelik, er ei hovudseriestjerne klasse G[4] (gul superkjempe). Det er arabiske namnet tyder «lukkestjerna til kongen».[5] Ho er den nest mest lyssterke i Vassmannen med ein storleiksorden på 2,96[4] (men absolutt storleiksorden på -4,5)[3] og ligg 523 lysår frå jorda.[6] Ho har ein luminositetluminositet på 5250 L☉.[3]
β Aquarii, òg kjend som Sadalsuud, er ei klasse G0-stjerne[4] (gul superkjempe). Det arabiske tydinga er «den heldigaste av lukkestjernene».[5] Ho er den mest lyssterke i Vassmannen med ein tilsynelatande storleiksklasse på 2,91[4] og ein absolutt storleiksorden på -4,5. Sadalsuud ligg 537 lysår frå jorda[7] og har ein luminositet på 5250 L☉, det same som α Aquarii.[3]
Andre stjerner er Sadachbia, Scheat, Albali, Ancha, Hudoor eller Ekchusis og Seat.
Planetsystem
[endre | endre wikiteksten]I 2013 var det funne tolv planetsystem i Vassmannen. Gliese 876, ein av dei stjernene som ligg nærmast jorda med ein avstand på 15 lysår,[8] var den første raude dvergstjerna som vart oppdaga med eit planetsystem. Fire planetar går i bane rundt stjerna, mellom anna ein terrestrisk planet som har 6,6 gonger så stor masse som jorda. Planetane har omlaupstider som varierer frå 2 dagar til 124 dagar.[9] 91 Aquarii er ei oransje kjempestjerne med ein planet i bane, 91 Aquarii b. Planetmassen er 2,9 gonger massen til Jupiter, og har ei omlaupstid på 182 dagar.[10] Gliese 849 er ei raud dvergstjerne med den første kjende langperiodiske, Jupiter-aktige planeten, Gliese 849 b. Planetmassen er 0,99 gonger massen til Jupiter og har ei omlaupstid på 1852 dagar.[11]
Det finst òg fleire andre planetsystem i Vassmannen og fleire stjerner som har berre ein planet i omlaup.
Fjerntliggande system
[endre | endre wikiteksten]Fordi plasseringa til stjerneteiknet ikkje ligg i det galaktiske planet, er dei fleste fjerntliggande lekamane i Vassmannen galaksar, kulehopar og planetære tåker.[2] Vassmannen har tre djupromsobjekt som ligg i Messierkatalogen: kulehopane Messier 2, Messier 72, og den opne hopen Messier 73. To kjende planetære tåker finst òg i Vassmannen, Saturntåka (NGC 7009), og den kjende Helikståka (NGC 7293).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Rogers 1998, s. 9-28.
- ↑ 2,0 2,1 Thompson & Thompson 2007.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 Moore 2000.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 Moore & Tirion 1997.
- ↑ 5,0 5,1 Ridpath 2001.
- ↑ SIMBAD Sadalmelik.
- ↑ SIMBAD Beta Aquarii.
- ↑ APOD Gliese 876.
- ↑ Exoplanet Encyclopedia Gliese 876.
- ↑ Exoplanet Encyclopedia 91 Aqr.
- ↑ Exoplanet Encyclopedia Gj 849.
- ↑ ESO 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Vassmannen» frå Wikipedia på engelsk, den 19. mai 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- «Atoms-for-Peace Galaxy Collision», Astronomy Picture of the Day (NASA), 16 November 2010, henta 22 August 2014
- «A Planet for Gliese 876», Astronomy Picture of the Day (NASA), 26 June 1998, henta 23 April 2012
- «Galaxy-wide Echoes from the Past», ESO Press Release, henta 7 December 2012
- «Planet WASP-6 b», The Extrasolar Planet Encyclopedia (Paris Observatory), 8 April 2012, arkivert frå originalen 14. mars 2014, henta 23 February 2013
- Notes for star Gliese 876, The Extrasolar Planets Encyclopaedia, arkivert frå originalen 5. mai 2012, henta 23 April 2012
- Notes for star 91 Aqr, The Extrasolar Planets Encyclopaedia, henta 23 April 2012
- Notes for star Gj 849, The Extrasolar Planets Encyclopaedia, henta 23 April 2012
- «Planet HD 206610 b», The Extrasolar Planet Encyclopedia (Paris Observatory), 19 March 2010, arkivert frå originalen 14. mars 2014, henta 21 March 2013
- «Planet WASP-47 b», The Extrasolar Planet Encyclopedia (Paris Observatory), 24 April 2012, arkivert frå originalen 14. mars 2014, henta 21 March 2013
- «Planet HD 210277 b», The Extrasolar Planet Encyclopedia (Paris Observatory), 6 September 2006, arkivert frå originalen 14. mars 2014, henta 22 March 2013
- * «Planet HD 212771 b», The Extrasolar Planet Encyclopedia (Paris Observatory), 19 March 2010, arkivert frå originalen 14. mars 2014, henta 22 March 2013
- «Planet HD 215152 b», The Extrasolar Planet Encyclopedia (Paris Observatory), 12 September 2011, arkivert frå originalen 14. mars 2014, henta 22 March 2013
- «Planet HD 215152 c», The Extrasolar Planet Encyclopedia (Paris Observatory), 12 September 2011, arkivert frå originalen 14. mars 2014, henta 22 March 2013
- Levy, David H. (2005), Deep Sky Objects, Prometheus Books, ISBN 1-59102-361-0
- Moore, Patrick; Tirion, Wil (1997), Cambridge Guide to Stars and Planets (2nd utg.), Cambridge University Press, ISBN 0-521-58582-1
- Moore, Patrick (2000), The Data Book of Astronomy, Institute of Physics Publishing, ISBN 0-7503-0620-3
- Ridpath, Ian (2001), Stars and Planets Guide, Wil Tirion (3rd utg.), Princeton University Press, ISBN 0-691-08913-2
- Ridpath, Ian; Tirion, Wil (2007), Stars and Planets Guide (ISBN 978-0691135564) (4th utg.), Collins, London: Princeton University Press, ISBN 978-0007251209
- Ridpath, Ian, «Aquarius», Star Tales, henta 14 March 2013
- Rogers, John H. (1998), «Origins of the ancient stjerneteikns: I. The Mesopotamian traditions», Journal of the British Astronomical Association 108, Bibcode:1998JBAA..108....9R
- Rogers, John H. (1998), «Origins of the ancient stjerneteikns: II. The Mediterranean traditions» (PDF), Journal of the British Astronomical Association 108 (2): 79–89, Bibcode:1998JBAA..108...79R
- Sherrod, P. Clay; Koed, Thomas L. (2003), A Complete Manual of Amateur Astronomy: Tools and Techniques for Astronomical Observations, Courier Dover Publications, ISBN 9780486152165
- Sadalmelik, SIMBAD, henta 23 April 2012
- bet Aqr, SIMBAD, henta 24 April 2012
- gam Aqr, SIMBAD, henta 24 April 2012
- Staal, Julius D.W. (1988), The New Patterns in the Sky: Myths and Legends of the Stars (2nd utg.), The McDonald and Woodward Publishing Company, ISBN 0-939923-04-1
- Thompson, Robert Bruce; Thompson, Barbara Fritchman (2007), Illustrated Guide to Astronomical Wonders, O'Reilly Media, ISBN 978-0-596-52685-6
- Thurston, Hugh (1996), Early Astronomy, Springer, ISBN 978-0-387-94822-5