Begeret
Begeret | |
---|---|
Latinsk namn | Crater |
Forkorting | Crt |
Genitivsform | Crateris |
Symbologi | myten om ramnen og Apollon |
Rektasensjon | 11 h |
Deklinasjon | −15° |
Areal | 282 kvadratgrader nr. 53 av stjernebilda |
Stjerner sterkare enn mag. 3 |
Ingen |
Sterkaste stjerne | δ Crt (3,57. mag.) |
Meteorsvermar | |
Tilgrensande stjernebilde |
|
Synleg mellom breiddegradane +65° og −90° | |
Begeret (frå latin Crater) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. I gresk mytologi vart det identifisert som begeret til guden Apollon. Det var eit av dei 48 stjernebileta som vart oppført av astronomen Klaudios Ptolemaios på 100-talet, og er i dag eit av dei 88 moderne stjernebileta. Det er lyssvakt og ingen av stjernene er sterkare enn tredje storleiksorden.
Kjende objekt
[endre | endre wikiteksten]Stjerner
[endre | endre wikiteksten]Alfa Crateris, tradisjonelt kalla Alkes, er ei oransje kjempestjerne med storleiksorden 4,1, 174 lysår frå jorda. Det tradisjonelle namnet tyder «begeret». Beta Crateris er ei blåkvit stjerne med storleiksorden 4,5, 266 lysår frå jorda. Gamma Crateris er ei dobbeltstjerne, der ein kan sjå dei to stjernene i små amatørteleskop. Hovustjerna er ei kvit stjerne med storleiksorden 4,1, 84 lysår frå jorda. Den andre har storleiksorden 9,6. Delta Crateris er den mest lyssterke stjerna i Begeret med storleiksorden 3,6. Ho ligg 195 lysår unna og er ei oransje kjempestjerne.[1]
R Crateris er ein delvis-regulær variabel av type SRb og med spektralklasse M7. Ho har ein storleiksorden på 9,8-11,2 og ein optisk periode på 160 dagar.
SZ Crateris er ei variabel stjerne med storleiksorden 8,1. Det er eit nærliggande stjernesystem som ligg kring 44 lysår frå sola. Ho vert òg kalla Gliese 425, og tidlegare vart ho kalla Abt-stjerna.[treng kjelde]
Namngjevne stjerner
[endre | endre wikiteksten]Bayer | Namn | Opphav | Tyding |
---|---|---|---|
α | Alkes | Arabisk | Namn på stjernebiletet |
β | Al Sharas | Arabisk | Ribbeinet |
Djupromsobjekt
[endre | endre wikiteksten]NGC 3511 er ein spiralgalakse med ein tynn arm, sett neste frå kanten, av type SBbc. Han høyrer til galaksehopen Abell 1060. Denne galaksen har storleiksorden 12, og er 4' × 1' i storleik.
NGC 3887 er ein spiralgalakse av type SBc, storleiksorden 11, med ein diameter på 3.5'.
NGC 3981 er ein spiralgalakse med to vide spiralarmar, av type SBbc. Han har storleiksorden 12 med ein diameter på 3'. Denne galaksen vart oppdaga av William Herschel i 1785.
RX J1131 er ein kvasar som ligg 6 milliardar lysår unna jorda. Det svarte holet i midten av kvasaren var det første svarte holet der ein har direkte målt spinnet.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Crater (constellation)» frå Wikipedia på engelsk, den 18. august 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Makemson, Maud Worcester (1941). The Morning Star Rises: an account of Polynesian astronomy. Yale University Press.
- Ridpath, Ian; Tirion, Wil (2001), Stars and Planets Guide, Princeton University Press, ISBN 0-691-08913-2
- Ian Ridpath and Wil Tirion (2007). Stars and Planets Guide, Collins, London. ISBN 978-0-00-725120-9. Princeton University Press, Princeton. ISBN 978-0-691-13556-4.
- Richard Hinckley Allen, The Stars, Their Lore and Legend, New York, Dover.
- ↑ Ridpath & Tirion 2001, s. 130-131.
- ↑ Nola Taylor Redd (March 5, 2014). «Monster Black Hole Spins at Half the Speed of Light». Space.com. Henta March 5, 2014.[daud lenkje]