Tidvassenergi
Tidevassenergi er når tidvatnet generera elektrisitet ved å driva ein generator. Det er i hovudsak to metodar som er vorte brukt for å utnytta denne energien. Den eine er at ein utnyttar vatnet si fallhøgde. Tidvatnet vert demt ute når det kjem inn mot land, og då kan det kontrollerast inn mot eit skovlhjul. Så vert det demt oppatt når det skal ut, og det kan kontrollerast mot det same skovlhjulet. Den andre måten er ein undersjøisk turbin som utnyttar straumen i vatnet. Ein kan seie at det er turbinar som står under vatn. Turbinane har påmontert ein eller to rotorar som er festa til ein aksling som driv ein generator. Fordelen med dette anlegget er at det er svært skånsamt for miljøet. Det viser nesten ikkje frå overflata. Dei vil no prøve ut dette i Kvalsundet i Tromsø. Der skal det lagast eit tidvassenegiverk med fire store turbinar.
Andre typar vassenergi
[endre | endre wikiteksten]- Bølgjeenergi - utnytting av energien i havbølgjer
- Vassenergi - utnytting av energien i rennande vatn i vassdrag
- Saltenergi - Utnytting av energien ved blanding av ferskvatn og saltvatn