Skovlhjul
Skovlhjul er ein type hjul som har skovler, det vil seie blad av tre eller metall, festa på utsida, parallelt med hjulakselen.
Slike hjul vert nytta til framdrift av skip eller båtar, såkalla hjuldamparar eller hjulbåtar, ved at motoren eller dampmaskina driv rundt skovlhjul som stikk ned i vatnet på kvar side av båten eller akterut på båten, og såleis så å seie padlar båten fram ved hjelp av dei skovlene som går gjennom vatnet. I storm og stor sjø fungerer skovlhjula dårleg i høve til å nytte propellar, som etter kvart og ganske kjapt utkonkurrerte skovlhjula. Men skovlhjul kan vere praktiske i grunne elvar.
Skovlhjul av ymse utformingar kan òg nyttast i elvar og vassdrag til å drive ulike maskinar ved hjelp av vasstraumen, og har då spesialnemningar som til dømes vasshjul, kvernkall, turbin og anna.