Hopp til innhald

Thomas Mann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thomas Mann

Fødd6. juni 1875
FødestadLübeck
Død12. august 1955 (80 år)
DødsstadZürich
FødenamnPaul Thomas Mann
OpphavDet tyske keisardømet, Weimarrepublikken, Det tyske riket, Tsjekkoslovakia
Aktiv1890–1955
Verka somromanforfattar, essayist, sjølvbiograf, novelleforfattar, samfunnskritiker, dagbokskrivar, manusforfattar, universitetslærar, skribent
MorJúlia da Silva Bruhns
FarThomas Johann Heinrich Mann
Gift medKatia Mann
BornErika Mann, Klaus Mann, Golo Mann, Monika Mann, Elisabeth Mann Borgese, Michael Mann
PrisarNobelprisen i litteratur, Goetheprisen, Pour le Mérite für Wissenschaften und Künste, Premio Feltrinelli, Goetheplaketten fra Frankfurt am Main, æresdoktor ved Princeton University, æresdoktor ved Harvard University, æresdoktor ved Columbia University, æresdoktor ved Universitetet i Oxford, æresdoktor ved universitetet i Cambridge, offiser av Æreslegionen, kommandør av Oranje-Nassau-ordenen, honorary citizen of Lübeck, honorary doctor of ETH Zürich, æresdoktor ved Lunds Universitet, æresdoktor ved Rheinische Friedrich-Wilhelms-Universität Bonn, honorary doctor of the Yale University, Æresdoktor ved Universitetet i Jena, Goethe-medaljen for kunst og vitenskap, æresdoktor ved Rutgers University, Pour le Mérite, Oranje-Nassau-ordenen, Taylorian Lecture

Thomas Mann (fødd 6. juni 1875 i Lübeck, død 12. august 1955 i Zürich) var ein tysk forfattar og nobelprisvinnar.

Han blei fødd i hansastaden Lübeck. Faren, Thomas Johann Heinrich Mann, var senator og storkjøpmann som handla med korn, men døydde då Thomas Mann var berre 15 år. Mor hans, Julia da Silva-Bruhns, var av tysk-brasiliansk slekt. Familien flytta etter farens død til München, der Mann levde frå 1891 til 1933, med unntak av eit eitt-årig opphald i Palestrina i Italia med broren Heinrich tidleg i karrièren. Han gifta seg med Katharina Hedwig («Katja») Pringsheim, dotter av ein prominent, sekularisert jødisk familie av intellektuelle, og som bl.a. var barnebarn av den tyske kvinnerettsforkjemperen Hedwig Dohm og nedstamma frå ein av Münchens rikaste familiar. Han emigrerte til Küsnacht ved Zürich i Sveits i 1933, og døydde i det nærliggjande Kilchberg i 1955. I den lange perioden i eksil blei familien forsørgd av Katja Mann, mens Thomas Mann konsentrerte seg om å skrive.

Thomas Mann fekk Nobelprisen i litteratur i 1929, for romanen Buddenbrooks. Like kjende er Døden i Venedig og Doktor Faustus.

Han var den yngre broren av Heinrich Mann, og far til Klaus, Erika, Golo (Angelus Gottfried Thomas), Monika, Elisabeth og Michael Mann.

Dei fleste av novellene hans omhandlar spenninga mellom den usikre, dødselskande kunstnaren og den lovlydige, livsbekreftande borgaren. Mann sine dagbøker, som blei avsegla i 1975, talar gripande om hans eigen kamp med homoseksuelle ynskje, som fann uttrykk i verka hans, særleg Døden i Venedig. Mann skildra kjenslene sine for den unge fiolinisten og målaren Paul Ehrenberg som «den sentrale opplevinga for hjartet mitt».

  • Der kleine Herr Friedemann, novellesamling 1898, ikkje omsett
  • Huset Buddenbrook, roman 1901, omsett 1903 o.fl.
  • Tonio Kröger, novelle 1903, omsett 1949
  • Hans kongelige høyhet, 1909, omsett 1950
  • Døden i Venedig]], forteljing 1912, omsett 1913
  • Der Zauberberg (Trolldomsfjellet), roman 1924, først omsett 1935 (tidlegare norsk tittel: Trollfjellet)
  • Mario und der Zauberer, forteljing 1930, ikkje omsett
  • Josef og hans brødre, tetralogi 1933–1943, omsett 1993–1995
  • Das Problem der Freiheit, 1937, ikkje omsett
  • Lotte in Weimar, Roman 1939, ikkje omsett
  • Die vertauschten Köpfe - Eine indische Legende, 1940, ikkje omsett
  • Doktor Faustus, roman 1947, omsett 1969
  • Der Erwählte, roman 1951, ikkje omsett
  • Storsvindleren Krull, 1922/1954, omsett 1952 (tidlegare norsk tittel: Plattenslageren)
  • I tillegg er fleire artiklar og essays av Mann omsette til norsk.

Filmografi

[endre | endre wikiteksten]

Eit utval filmar som er bygde på Mann sine romanar, noveller og motiv.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Thomas Mann
Wikifrasar Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Thomas Mann
Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.