Ivo Andrić
Ivo Andrić (Иво Андрић) | |
Statsborgarskap | Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia |
Fødd | 9. oktober 1892 Dolac |
Død |
13. mars 1975 (82 år) |
Yrke | skribent, romanforfattar, diplomat, lyrikar, essayist, novelleforfattar |
Politisk parti | Jugoslavias kommunistforbund |
Sjanger | dikt |
Medlem av | Academy of Sciences and Arts of Bosnia and Herzegovina, Serbias vitenskaps- og kunstakademi, Unge Bosnia, Slovenias akademi for vitenskap og kunst, Serbias forfatterforening, Serbias vitenskaps- og kunstakademi |
Ektefelle | Milica Babić-Jovanović |
Ivo Andrić på Commons |
Ivo Andrić (9. oktober 1892–13. mars 1975) var ein jugoslavisk forfattar, diplomat og politikar som i 1961 fekk Nobelprisen i litteratur «för den episka kraft varmed han gestaltat motiv och öden ur sitt lands historia.»[1][2] Den mest kjende boka til Andrić er Broen over Drina.
Andrić var fødd i Dolac nær Travnik i Austerrike-Ungarn, noverande Bosnia. Rundt 1920 tok Andrić til å arbeide for den jugoslaviske staten og skifta då over frå kroatisk til serbisk litteratur. Etter at den andre verdskrigen var over gjekk han i teneste i den – no sosialistiske – jugoslaviske staten.
Andrić gav ut to prosadiktsamlingar og tre novellesamlingar i åra rundt 1930. I 1945 blei han verdskjent for «den bosniske trilogien» med romanane Na Drini ćuprija, Gospođica og Travnička hronika.[3] Hovudtema i romanane og forteljingane er bosnisk levesett og historie og livet der aust og vest møtes. Han uttrykte dei politiske haldningane sine i bøkene; sjølv om han var tilhengar av den multietniske tankegangen til den jugoslaviske staten, skildra han òg problema ved at ulike kulturar levde tett saman.
Ivo Andrić døydde i Beograd.
Referansar og fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «for the epic force with which he has traced themes and depicted human destinies drawn from the history of his country»
- ↑ Nobelpristildelinga 1961 på nobelprize.org
- ↑ I norsk omsetjing Broen over Drina, Frøkenen og Konsulene (den siste i direkte omsetjing «Travnik-krøniken»)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Ivo-Andrić-museet i Beograd
- Verk av og om Ivo Andrić i katalogen til det tyske nasjonalbiblioteket
- Nobelpristildelinga 1961 på nobelprize.org
- onlinekunst.de om Ivo Andrić
- Doris Akrap: Ivo Andrić in der Erinnerungspolitik der postjugoslawischen Staaten. i die tageszeitung 31. oktober 2011