Hopp til innhald

Tel Mond

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tel Mond
תֵּל מוֹנְד
lokal kommune
Statue of Lord Melchett
Land  Israel
Distrikt Sentral
Koordinatar 32°15′16″N 34°55′7″E / 32.25444°N 34.91861°E / 32.25444; 34.91861
Areal km²
Folketal 10 000  (2009[1][2])
Folketettleik 1 250 / km²
Grunnlagd 1929
Borgarmeister Shlomo Ratzaby
Kart
Tel Mond
32°15′16″N 34°55′07″E / 32.254444444444°N 34.918611111111°E / 32.254444444444; 34.918611111111
Kart som viser Tel Mond.
Kart som viser Tel Mond.
Kart som viser Tel Mond.
Wikimedia Commons: Tel Mond
Nettstad: http://www.tel-mond.muni.il (he)

Tel Mond (hebraisk skrift תֵּל מוֹנְד) er ein by i Sharon-området i Israel, aust for Netanya og nord for Kfar Saba.

Tel Mond vart grunnlagd i 1929 av Alfred Moritz Mond, seinare lord Melchett, ein tidlegare britisk minister og president British Zionist Federation. Israel Plantations Company var leia av Mond og kjøpte landområdet i regionen, der dei planta sitruslundar for å gje arbeid til jødiske arbeidarar.[3] I 1933 kjøpte nokre bønder land frå selskapet og grunnla Moshav Tel Mond. I 1936 grunnla ei anna gruppe Moshav Kfar Ziv. I 1943 grunnla nye immigrantar frå Jemen Shechunat Ya'akov. I 1950-åra vart Neve Oved og Hadar Hayim bygde for å ta i mot ei stor bølgje immigrantar etter Israel vart danna. I 1954 vart alle desse samfunna slått saman til den lokale kommunen Tel Mond.[3] Dei kringliggande moshavane, Kfar Hess, Herut og Ein Vered, vart òg grunnlagd av pionerane frå Tel Mond.

Dei neste tiåra voks samfunnet frå ein liten by til ein sjølvforsynt by som fungerer som eit regionssenter.

Venskapsbyar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Cnaan Liphshiz (30. januar 2009). «Goats, baseball and a new synagoge». Haaretz. Henta 6. juli 2015. 
  2. Jonah Mandel (26. september 2014). «Comedic bar mitzva invitation draws 70 000 views». The Jerusalem Post. Henta 6. juli 2015. 
  3. 3,0 3,1 «Tel Mond (Israel)». CRW Flags. Henta 6. juli 2015. 
  4. «Tel Mond, Israel». Sarasota Sister Cities Association. Arkivert frå originalen 3. mai 2019. Henta 6. juli 2015.