Symbol
Utsjånad
Symbol (frå gresk symbolon, 'teikn') er ein representasjon av noko anna — ein ting, eit omgrep eller ein eigenskap. Ord er til dømes eit symbol som referer til sin eigen definisjon; det står for omgrepet 'ord'. Bokstavar i eit fonetisk alfabet står for lydar i språket dei høyrer til. Matematikksymbol står for mengder og operasjonar innan matematikken. Det blir òg brukt symbol innan mange andre felt, som litteratur, biletkunst og religion.