Sundarbans
Sundarbans (bengali সুন্দরবন<) er eit elvedelta som inneheld den største mangroveskogen i verda. Det ligg i Gangesdeltaet, der Ganga og fleire andre elvar munnar ut i Bengalbukta. Litt over halvparten ligg i Bangladesh og resten i den indiske delstaten Vest-Bengal, der skogen er verna som Sundarbans nasjonalpark. Skogen og nasjonalparken er skrivne inn på verdsarvlista til UNESCO for den særeigne utforminga og biodiversiteten sin.


Sundarbansområdet er om lag 20 000 kvadratkilometer stort. 62 % av området ligg i Bangladesh og resten i India. Det bur rundt 4 millionar menneske i Sundarbans, men mesteparten av området er utan fast busetnad. I Sundarbans finn ein mellom anna den truga bengalske tigeren, aksishjort, slangar og krokodillar. Namnet Sundarbans viser truleg til dei karakteristiske sundari-trea (Heritiera fomes) som veks her. Ban tyder 'skog' på bengali.[1]
Sundarbans nasjonalpark i India blei peika ut som verdsarv i 1987 og den tilsvarande delen i Bangladesh i 1997. Områda oppfyller kriteria ix og x — dei er framifrå døme på økologiske og biologiske utviklingsprosessar, og inneheld eit viktig naturleg leveområde for ei rekke artar.[2]
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Presentasjon av verdsarvdelen i Bangladesh ved unesco.org
- Presentasjon av verdsarvdelen i India ved unesco.org
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Subir Bhaumik for BBC: «Fears rise for sinking Sundarbans»
- ↑ Banglapedia
- ↑ unesco.org: The Criteria for Selection