Storskarv
Storskarv | |
Storskarv i Australia | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Nær truga[1] Utbreiinga av storskarv | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sulefuglar Suliformes |
Familie: | Skarvefamilien Phalacrocoracidae |
Slekt: | Phalacrocorax |
Art: | Storskarv P. carbo |
Vitskapleg namn | |
Phalacrocorax carbo |
Storskarv (Phalacrocorax carbo) er ein fugl i skarvfamilien.
Arten er ein vanleg hekkefugl i Noreg.[2]
Levestad og økologi
[endre | endre wikiteksten]Storskarv av nominatunderarten carbo hekkar i Noreg hovudsakleg langs kysten frå Sør-Trøndelag til Aust-Finnmark, med tyngdepunkt i Trøndelag og Helgeland. Denne underarta hekkar i koloniar, ofte på eksponerte holmar og skjer ytst mot havet, men også i bratte fuglefjell. Føda består av fisk. Norske hekkefugler av underarta carbo overvintrar frå Norskekysten og sørover langs Nordsjøen. Ein del individ trekker òg over land til Austersjøen. I tillegg har undearten sinensis («mellomskarv») etablert seg i Sør-Noreg sidan 1997. Denne underarta er meir knytt til brakk- og ferskvatn og hekkar gjerne i koloniar i tre, langs kysten frå Østfold til Rogaland. Fuglar frå Nord-Europa overvintrar gjerne rundt Middelhavet.[1]
Bestand og bestandsutvikling
[endre | endre wikiteksten]Den norske hekkebestanden for underarta carbo vart i 2014 vart anslått å vera ca. 42 000 individ (Anker-Nilssen et al. 2015), medan tilsvarande tal for underarta sinensis var ca. 5000 individ.[3]
Vurderingsperioden for storskarv er 27 år (grunna generasjonslengda på arten på 9 år.[4]
Data frå det nasjonale overvakingsprogrammet for sjøfugl/SEAPOP viser at bestanden av mellomskarv har auka i Noreg frå etableringa i 1997 og fram til 2019. For nominatunderarten er situasjonen noko forskjellig. I Finnmark og Troms og dessutan på Røst, Nordland synest bestandane å vera relativt stabile i perioden 1992-2019. I Trøndelag og Helgeland, Nordland har ein likevel generelt sett ein nedgang i bestanden på ca. 50 % i perioden 1992-2019.[5]
På bakgrunn av dette går det fram at ein har eit stort spenn i bestandstrender frå positive til negative, og også avhengig av underart. Vi vurderer på bakgrunn av desse dataa, og dessutan ei vurdering av kolonistorleikane og naturlege fluktuasjonar, ein bestandsnedgang på nasjonalt nivå for underarta carbo i intervallet 15-30 % for perioden 1992-2019, noko som betyr rødlistekategori nær trua NT etter kriteriet A2 (15-30 % nedgang dei siste tre generasjonar).
I Storbritannia har ein sett ein auke av bestanden i England (der både underartene carbo og sinensis hekkar), men ein markant nedgang i Skottland (der ein finn underarta carbo) [6].[1]
Påverknader
[endre | endre wikiteksten]Fauchald et al. (2015) og BirdLife International (2020) nemner drukning i fiskereiskap, forureining (oljesøl), predasjon, næringstilgang (overfiske) og klimaeffektar som viktige påverknadsfaktorar. Internasjonalt blir òg nemnt høsting. Storskarven er sensitiv overfor forstyrringar ved hekkeplassen. Reira ligg eksponert til, og er fritt tilgjengeleg for reirpredasjon dersom dei vaksne fuglane blir skremde frå reiret. I tillegg er reira værutsatt og kan skyljast på sjøen ved ekstremvêr.[7]
Raudlistevurdering
[endre | endre wikiteksten]Storskarv blir vurdert til raudlistekategori nær trua NT, på bakgrunn av overvakingsdata for underarta carbo og basert på kriteriet A2 (15-30 % nedgang dei siste tre generasjonar).
Bestandsauke for underarta sinensis er ikkje tilstrekkeleg til å kompensera for bestandsnedgangen til underarta carbo. Årsaka til endring av kategori frå Rødlista 2015, der storskarv vart vurdert som livskraftig LC, er ein reell bestandsnedgang for underarta carbo.[1]
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Ein Storskarv tørker vingene i solnedgangen.
-
Storskarv-egg
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av storskarv Phalacrocorax carbo for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 12. mars 2022.
- ↑ Artsdatabanken Raudliste faktaark storskarv Phalacrocorax carbo (Linnaeus, 1758) Henta 22. januar 2022
- ↑ Shimmings & Øien 2015.
- ↑ Bird et al. 2020.
- ↑ Fauchald, P., Anker-Nilssen, T., Barrett RT, Bustnes, J.O., Bårdsen, B.-J., Christensen-Dalsgaard, S., Descamps, S., Engen, S., Erikstad, K.E., Hanssen, S.A., Lorentsen, S.-H., Moe, B., Reiertsen, T.K., Strøm, H., Systad, G.H. (2015). The status and trends of seabirds breeding in Norway and Svalbard. NINA Report 1151: 84 s.
- ↑ JNCC (2020). Seabird Population Trends and Causes of Change: 1986-2018 Report. https://jncc.gov.uk/our-work/smp-report-1986-2018/
- ↑ (S.-H. Lorentsen, pers. medd.)
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Nils Røv, 1994, Artsomtale: Phalacrocorax carbo – storskarv, S. 48 i: Gjershaug, J. O., Thingstad, P. G., Eldøy, S. & Byrkjeland, S. (red.): Norsk fugleatlas. Norsk Ornitologisk Forening, Klæbu. Henta 22. januar 2022