Middelhavet
Middelhavet (tidlegare også kalla Mellomhavet og Midhavet) er eit innhav mellom Europa og Afrika, med Vest-Asia i aust og Atlanterhavet i vest. Landa som ligg rundt Middelhavet har hatt mykje å gjera med kvarandre gjennom historia, og me kallar dei gjerne middelhavslanda.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Havet er knytt til Atlanterhavet gjennom Gibraltarsundet, til Svartehavet gjennom Bosporos, og til Raudehavet gjennom Suezkanalen. Fordi det har svært tronge sambindingar med dei store verdshava er det små tidevassforskjellar i Middelhavet, og havet er relativt roleg.
Middelhavet har ei flatevidd på 2.965.000 km² og ei gjennomsnittleg djupne på 1.430 meter. Den største djupna er 5.267 (36°34' N, 21°08' O) meter. Delar av havet har fått namna Adriahavet, Det tyrrenske havet og Egearhavet.
«Naar ein fer Sjovegen sud-etter so langt som til Sudsida av Spania, so kjem ein til ein ovlege stor Fjord, som gjeng umkring som 500 Mil inn i Landet og som er kallad Midelhavet (elder Midlandshavet). Denne Sjoen er som eit Skilmerke fyre tri store Deilder av Fastlandet; dei Landi, som liggja nordanfyre, hava fenget Namnet Europa; Landi paa Sudsida heita Afrika, og den store Landmuga austanfyre desse tvo Deilderna heiter Asia elder Austerland.»
Ivar Aasen
Heimsyn, s. 223 |
Klima
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Middelhavsklima
Områda rundt heile havet har våte vintrar og varme, tørre somrar. Særskilde avlingar ein kan dyrka i heile middelhavsregionen er oliven, druer, appelsiner og andre sitrusfrukter, og kork.
Namngjeving
[endre | endre wikiteksten]Middelhavet har fått namnet sitt fordi det ligg midt mellom to land. På andre språk er dette endå tydelegare; fransk Mediterranée tyder sjøen mellom landa. Av romarane blei han gjerne kalla Mare nostrum, havet vårt.
Middelhavsland
[endre | endre wikiteksten]- I nord: Spania, Frankrike, Monaco, Italia, Slovenia, Kroatia, Bosnia-Hercegovina, Montenegro, Albania, Hellas og Tyrkia
- I aust: Syria, Libanon og Israel
- I sør: Egypt, Libya, Tunisia, Algerie og Marokko