Hopp til innhald

Sigge Ericsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sigge Ericsson


Statsborgarskap Sverige
Fødd 17. juli 1930
Alanäs församling
Død 2. november 2019 (89 år)
Brunflo
Idrett lengdeløp på skeiser
Tok del i Vinter-OL 1956, Vinter-OL 1952, Skeise-VM 1952 for menn, Skeise-VM 1953 for menn, Skeise-VM 1954 for menn, Skeise-VM 1955 for menn, Skeise-VM 1956 for menn, Skeise-VM 1957 for menn, Europameisterskapen på skeiser 1951, Europameisterskapen på skeiser 1952, Europameisterskapen på skeiser 1954, Europameisterskapen på skeiser 1955, Europameisterskapen på skeiser 1956

Johan Sigvard Ericsson (17. juli 19302. november 2019), kjend som Sigge Ericsson, var ein svensk skeiseløpar frå Alanäs i Jämtland. Han vart både europameister og verdsmeister på skeiser i 1955, og han vann gullmedaljen på 10 000 meter under Vinter-OL 1956.

Sigge Ericsson i 1956

Ericsson fekk sitt gjennombrot då han vart tredjemann ved skeise-EM 1954 i Davos. Vinteren 1955 vann han fyrst europameisterskapen i Falun og sidan verdsmeisterskapen i Moskva, begge gongane hadde han sterkast konkurranse frå sovjetiske Oleg Gontsjarenko. For desse prestasjonene vart Ericsson tildelt Svenska Dagbladets gullmedalje.

I OL-sesongen 1956 tok Ericsson tredjeplassen ved EM i Helsinki. Under vinterleikane 1956 i Cortina d'Ampezzo vann han sølvmedaljen på 5 000 m. To dagar seinare kneip han gullmedaljen på 10 000 m med tida 16,35,9, eitt sekund framom norske Knut Johannesen og med Oleg Gontsjarenko på bronseplassen.

Han la opp i 1957.