Oleg Gontsjarenko
Oleg Gontsjarenko | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen |
Fødd | 18. august 1931 Kharkiv |
Død |
16. desember 1986 (55 år) |
Yrke | skøyteløpar |
Språk | russisk |
Politisk parti | Sovjetunionens kommunistiske parti |
Oleg Gontsjarenko på Commons |
Oleg Georgijevitsj Gontsjarenko (18. august 1931–16. desember 1986) var ein skeiseløpar frå Kharkov i Ukraina som representerte Sovjetunionen. Han vann i tida 1953-58 tre verdsmeisterskap og to europameisterskap på skeiser.
Gontsjarenko vart verdsmeister 1953 i finske Helsinki, der han etter sigrar på dei to lengste distansane erobra laurbærkransen med stor margin til landsmannen Boris Sjilkov på andreplass. Sesongen etter bytta dei to plass på sigerspallen då VM 1954 i Sapporo var avgjort. Vinteren 1955 vart Gontsjarenko andremann både ved EM i Falun og VM i Moskva, svenske Sigge Ericsson vann begge meistertitlane.
Under Vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo kom Gontsjarenko inn til bronsemedalje på begge dei lengste distansane. På 5 000 meter vann Boris Sjilkov ein suveren siger framfor Sigge Ericsson, medan same Ericsson og norske Knut Johannesen vart nummer ein og to på 10 000 m. To veker etter vinterleikane vann Gontsjarenko i Oslo skeise-VM for andre gong, fattige 0,042 poeng framom lagkameraten Robert Merkulov.
Både i 1957 og 1958 vann Gontsjarenko europameisterskapen på skeiser. I 1958 vann han også VM i Helsinki. Sidan hausta han ingen medaljar, men representerte Sovjetunionen til 1961.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Oleg Gontsjarenko» frå Wikipedia på nederlandsk, den 13. november 2016.
- Einskildmenn
- Fødde i 1931
- Døde i 1986
- Sovjetiske skeiseløparar
- Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Allround
- Europameistrar i lengdeløp på skeiser – Allround
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sovjetunionen
- Olympiske bronsemedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1956
- Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1956
- Skeiseløparar under vinter-OL 1956
- Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1960
- Skeiseløparar under vinter-OL 1960