Hopp til innhald

Sha'alvim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sha'alvim
landsby
Land  Israel
Distrikt Sentral
Kommune Gezer
Koordinatar 31°52′7.32″N 34°59′6.71″E / 31.8687000°N 34.9851972°E / 31.8687000; 34.9851972
Folketal 1 886 (2021)[1]
Grunnlagd 13. august 1951
 •  Grunnlagd av Nahal
Tilhøyrsle Agudat Israel Workers
Kart
Sha'alvim
31°52′07″N 34°59′07″E / 31.8687°N 34.985197222222°E / 31.8687; 34.985197222222
Kart som viser Sha'alvim.
Kart som viser Sha'alvim.
Kart som viser Sha'alvim.
Wikimedia Commons: Sha'alvim

Sha'alvim (hebraisk skrift שַׁעַלְבִים) er ein religiøs kibbutz sentralt i Israel, ein av berre to tilknytt til Agudat Israel (Chafetz Chaim er den andre). Han ligg nær byen Modi'in-Maccabim-Re'ut og høyrer til Gezer regionale kommune.

Kibbutzen vart grunnlagd den 13. august 1951 av ei Nahal-gruppe frå Ezra-rørsla, på landområdet til den avfolka palestinsk-arabiske landsbyen Salbit. Han vart kalla opp etter ein bibelsk stad nemnt i Josva 19:42, Domarane 1:35 og 1. Kongebok 4:9. Åsen mellom kibbutzen og Nof Ayalon vert ofte kalla Tel Sha'alvim. Fram til seksdagarskrigen var han eit mål for fleire åtak frå Vestbreidda sidan han låg nær Den grøne linja. I følgje eit dokument teken frå den jordanske arabiske legionen, planla legionen å angripe landsbyen og massakrere alle innbyggjarane.[2]

I 1961 vart ein yeshiva, Yeshivat Sha'alvim, grunnlagd i Sha'alvim, og vart seinare eit stor religiøst utdanningsanlegg i regionen.

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.cbs.gov.il/he/publications/doclib/2019/ishuvim/bycode2021.xlsx.
  2. HaReuveni, Immanuel (1999). Lexicon of the Land of Israel (på hebraisk). Miskal - Yedioth Ahronoth Books and Chemed Books. s. 922. ISBN 965-448-413-7.