Senterungdommen
Treng oppdatering |
Senterungdommen | |||
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Partileiar(ar) | Andrine Seppola[1] | ||
Grunnlagt | 1949 | ||
Hovudkvarter | Oslo | ||
Medlemstal | 1 537 (2022)[2] | ||
Ideologi | agrarparti, euroskeptisisme |
Senterungdommen er ungdomsorganisasjonen til Senterpartiet. Organisasjonen vart stifta 14. mars 1949 under namnet Bygdefolkets Ungdomsfylking og endra namn til Senterungdommens Landsforbund i 1962.
Senterungdommen, som han heiter i dag, har sekretariat i Oslo og har fylkeslag i alle fylka, i tillegg til ei rekkje lokallag. Ada Arnstad frå Skatval i Nord-Trøndelag vart vald til leiar i Senterungdommen i 2016, og tok da over etter Erling Laugsand frå Averøy. Politisk nestleiar er Magnus Weggesrud frå Buskerud, medan Ingrid Nerås Krogsæter frå Møre og Romsdal er organisatorisk nestleiar.
Organisasjon
[endre | endre wikiteksten]Sentralstyret i Senterungdommen har ansvaret for den daglege drifta av organisasjonen. Landsstyret er det høgaste organet mellom landsmøta. Landsmøtet er det høgaste organet i organisasjonen, og samlar ungdommar frå heile Noreg. Landsmøta blir arrangert i november kvart år. Senterungdommen har i tillegg mange forskjellige arbeidsgrupper. Politisk utval, organisatorisk utval og internasjonalt utval er dei tre faste utvala.
Senterungdommen er ein ikkje-sosialistisk organisasjon som plasserer seg sjølv i sentrum i det politiske landskapet. Gjennom alle åra har kampen mot sentralisering og vernet om tradisjonelle bygdeverdiar vore berebjelkar i virket til Senterungdommen, som i praksis har tydd ein aktiv distriktspolitikk. Eit anna hovudmål er like høve til utdanning, arbeid og tilgang på velferdsgodar same kvar ein bur i Noreg.
I mange saker står Senterungdommen nær KrFU – og tilsvarande langt frå til dømes Unge Venstre. Senterungdommen er bestemt imot å liberalisere regelverket som gjeld bruk av narkotiske stoff, ein ønskjer å seie opp EØS-avtalen og erstatte han med ein handelsavtale, ein slår ring om statskyrkja og om monarkiet, og vil dessutan halde verneplikta ved lag og handheve ein streng innvandringspolitikk.
Senterungdommen skriv sjølv i programmet sitt at «Norge skal bygge framtida si på de kristne grunnverdiene, humanistiske verdier i pakt med disse, og et levende folkestyre». I alle hovudsaker på den politiske dagsorden er Senterungdommen på linje med hovudpartiet.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Bondepartiet, som var det tidlegare namnet på Senterpartiet, var det siste av dei landsomfattande partia som fekk eigen ungdomsorganisasjon. Det var partileiinga som i 1947 gjekk i bresjen for å organisere ungdommen i partiet. Men først våren 1949 vart det første ordinære landsmøtet halde, der Sverre Vaule frå Oppland vart vald som formann. Organisasjonen tok namnet Bygdefolkets Ungdomsfylking. Da partinamnet vart eit sentralt diskusjonsemne, heldt ungdomsorganisasjonen lenge på at Bondepartiet burde bli døypt om til Bygdepartiet. Men namnet Senterpartiet vart etter mykje om og men føretrekt i 1959. Tre år seinare vedtok partiungdommen å ta namnet Senterungdommens Landsforbund.
Senterungdommen har i alle desse åra hatt som strategi å arbeide innanfor partiet for å påverke og oppnå innverknad. Studentlaget i Oslo fekk tidleg ein sterk posisjon i Senterungdommen og vart ein viktig leverandør av politiske talent og nytenkjarar. Desse kom i mange år til å prege Bondepartiet og seinare Senterpartiet. Brørne Martin og Dagfinn Vårvik var mellom dei første, seinare kom mellom andre John Dale, Per Magnar Arnstad, Svein Sundsbø, Johan J. Jakobsen, Eivind Reiten, Steinar Ness, Marit Arnstad, Erlend Grimstad og Trygve Slagsvold Vedum og vart sentrale aktørar. Alle desse har med åra fått framståande posisjonar i partiet, på Stortinget og innan ulike regjeringar. Fellesnemnaren er bakgrunn og skolering anten i studentorganisasjonen eller i rekkene til Senterungdommen elles. Av dei fire statsrådane frå Senterpartiet som var med i siste fase av den raudgrøne regjeringa til Jens Stoltenberg var det berre daverande partileiar Liv Signe Navarsete som ikkje hadde ei fortid som tillitsvalt i Senterungdommen.
Første gongen ungdomsorganisasjonen markerte seg sterkt for å vinne fram i ein personstrid i partiet var i 1955, da valet stod mellom Jon Leirfall og Per Borten som ny partileiar. Senterungdommen arbeidde målmedveten for at Borten skulle vinne, noko han til slutt gjorde. Borten mangla elles berre ei røyst på å bli vald som første leiar i ungdomsorganisasjonen i 1949. Som medlemsorganisasjon nådde Senterungdommen eit høgdepunkt i 1972–1973 da han hadde kring 6000 registrerte medlemmar. Korkje før eller seinare har talet vore like høgt. Årsaka var EF-striden, som også gjorde at Senterpartiet fekk ei sterk veljaroppslutning.
Leiarar i Senterungdommen
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Senterungdommen» av Olav Garvik i Store norske leksikon, snl.no.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |