Selskapsleik
Utsjånad

Selskapsleik er spel og leikar som kan brukast til underhaldning i sosiale samankomstar. Det overordna målet med selskapsspel er å omgåast og ha det triveleg saman. Spela er som regel utforma på ein måte som gjer det lett for nye deltakarar å læra dei.[1]
Ein kan spela spel med terningar, brikker på eit brett eller med spelkort. Andre døme kan vera gøymeleik, mining, slå på ring og så bortetter.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ McGonigal, Jane (2011). Reality Is Broken: Why Games Make Us Better and How They Can Change the World. Penguin. ISBN 9781101475492.