Kortspel
Utsjånad
Kortspel er eit spel der det vert nytta spelekort, anten tradisjonelle eller spelspesifikke. Kortspelet oppstod i Kina, der ein kjenner til spelkort frå Kina 600–talet og seinare.[1] Det kom til Europa via muslimane på 1300-talet.[1]
Det finst ei rad ulike kortspel, men det er vanskeleg å dele dei fleste av kortspela inn i grupper. På verdsbasis er poker og bridge blant dei mest kjende.[1] Nokre vanlege norske kortspel med tradisjonelle spelekort er: Agurk, amerikanar, bridge, idiot, fisken, krig, lygnaren, mattis, Selbu-whist og vri åttar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 Bryhn, Rolf (28. mars 2023). «kortspill». Store norske leksikon (på norsk).