Robert Schumann
Utsjånad
Robert Schumann | |
Statsborgarskap | Kongeriket Sachsen |
Fødd | 8. juni 1810 Zwickau |
Død | |
Yrke | komponist, pianist, musikkritikar, dirigent, musikkforskar, musikkpedagog, skribent |
Språk | tysk |
Medlem av | Leipziger Burschenschaft Germania |
Far | August Schumann |
Ektefelle | Clara Schumann |
Partnar | Ernestine von Fricken |
Robert Schumann på Commons |
Robert Schumann (8. juni 1810–29. juli 1856) var ein tysk romantisk komponist. Han var fødd i Zwickau og gift med pianisten Clara Schumann, som han komponerte fleire verk for.
Tidleg i karrieren var Schumann ein god pianist, men etter ei fingerskade måtte han slutte å spele, og konsentrerte seg då heilt om komposisjon. Han skreiv 250 songar, og mange klaververk, som Arabeske, Papillons, Kreisleriana, Faschingsschwank aus Wien, Carnaval, Abegg Variationen, Kinderszenen, Album für die Jugend og Davidsbündlertänze. For Johannes Brahms var Schumann ei viktig kjelde til inspirasjon.
Schumann fekk etterkvart store mentale problem, og enda livet sitt på ein anstalt for psykisk sjuke som låg i Endenich ved Bonn.