Ralph M. Steinman
Ralph M. Steinman | |||
| |||
Fødd | 14. januar 1943 Montreal | ||
---|---|---|---|
Død | 30. september 2011 Manhattan | ||
Nasjonalitet | Canada, USA | ||
Område | immunologi, virologi, bakteriologi, biologi | ||
Yrke | biolog, immunolog, lege, professor, forskar | ||
Institusjonar | Rockefeller University | ||
Alma mater | Harvard Medical School McGill University Rockefeller University | ||
Doktorgradsrettleiar | James G. Hirsch | ||
Medlem | National Academy of Sciences National Academy of Medicine Royal Society of Edinburgh |
Ralph Marvin Steinman (14. januar 1943–30. september 2011) var ein kanadisk lækjar og vinnar av nobelprisen i medisin i 2011.
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Steinman vart fødd i ein jødisk familie i Montreal i Canada, men flytte snart til byen Sherbrooke i Sør-Quebec. Etter å ha fullført high school i Sherbrooke, flytte Ralph Steinman tilbake til Montreal, der han budde hjå besteforeldra medan han studerte ved McGill University. Han fullførte doktorgrad i medisin i 1968 ved Harvard Medical School i Boston, Massachusetts.
I vaksen alder arbeidde Steinman som cellebiolog og immunobiolog ved Rockefeller University i byen New York. Hans viktigaste gjerning som lækjar var oppdaginga av det han kalla dendrittceller, eller forgreina celler, i 1973.
Steinman døydde 30. september 2011 av kreft i bukspyttkjertelen. Han vart 68 år gamal.[1]
Nobelprisen
[endre | endre wikiteksten]3. oktober 2011 vart det kunngjort at Steinman hadde vunne nobelprisen i medisin saman med Bruce A. Beutler og Jules A. Hoffmann. Prisen vart tildelt Steinman for oppdaginga av dendrittcellene, og rolla dei speler i tilpassingsdyktig immunitet. Nobelkomitéen hadde ikkje blitt informert om dødsfallet då dei kunngjorde tildelinga. Ettersom ein etter reglane ikkje kan gje nobelprisen til avdøde personar, var komitéen i tvil om kva som skulle gjerast med prisutdelinga. Reglane spesifiserer også at ein kan utdela prisen posthumt dersom den kunngjorte prisvinnaren døyr før han mottek prisen. Difor konkluderte komitéen med at Steinman fekk behalda prisen fordi avgjerda vart gjort «i god tru.»[2]
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- 1998 – William B. Coley Award
- 1999 – Robert Koch-prisen
- 2003 – Gairdner Foundation International Award
- 2007 – Laskerprisen
- 2009 – Albany Medical Center Prize (med Charles A. Dinarello og Bruce A. Beutler)
- 2011 – Nobelprisen i medisin (med Bruce A. Beutler og Jules A. Hoffmann)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen byggjer på «Ralph M. Steinman» frå Wikipedia på engelsk, den 4. oktober 2011.