Hopp til innhald

Mortar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein mortar nytta under framstilling av salve.

Mortar er ein handreiskap i form av eit kar av hardt materiale som til dømes messing, støypejarn, stein, porselen, der ein kan knuse eller gni sund bitar av meir eller mindre harde stoff til pulver ved hjelp av ein tilhøyrande støytar, òg kalla pistill.

Mortaren er ein reiskap som har vore nytta i ulike utformingar så å seie til alle tider og på alle stader, ikkje minst i foredlinga av ymse planteprodukt til menneskeføde. L'horrible danse du pilon (Støytarens forferdelege dans), ein av illustrasjonane i verket Côte occidentale d'Afrique (Vestkysten av Afrika) av oberst Frey, 1890.
Mortar og støytar laga av støypt bronse.

Mortarar vert nytta i matlaging til å knuse krydder med til matlaginga, og er elles i bruk på laboratorium, i industriverksemder, og dessutan på apotek i samband med den framstillinga av medikament som går føre seg der.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Mortar