Mario & Luigi: Superstar Saga
Mario & Luigi: Superstar Saga | |||
Utviklar(ar) | AlphaDream | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | Nintendo | ||
Distributør | Nintendo eShop | ||
Produsent(ar) | Shigeru Miyamoto | ||
Komponist(ar) | Yoko Shimomura | ||
Serie | Mario & Luigi | ||
Plattform(er) | Game Boy Advance | ||
Utgjeving | NA: 17. november 2003 JP: 21. november 2003 EU: 21. november 2003 AUS: 21. november 2003 | ||
Sjanger | Rollespel | ||
Spelemodus | Einspelar, fleirspelar | ||
Aldersgrense | PEGI: 3+ CERO: A ESRB: E OFLC: G | ||
Medium | Spelekassett på 64 megabit | ||
Stødde einingar | Game Boy Player, linkkabel | ||
Del av serien Mario & Luigi⠀ | |||
Mario & Luigi: Partners in Time→ |
Mario & Luigi: Superstar Saga (マリオ&ルイージRPG Mario & Luigi RPG) er eit rollespel utvikla av AlphaDream for Game Boy Advance. Det vart gjeve ut i Nord-Amerika den 17. november 2003, og i Japan, Europa og Australia 21. november same året. Spelet er det tredje i rekkja av Mario-rollespel, etter høvesvis Super Mario RPG: Legend of the Seven Stars på SNES og Paper Mario på Nintendo 64. Ein oppfølgjar til Superstar Saga, Mario & Luigi: Partners in Time, kom i 2006 på Nintendo DS.
Oppsett
[endre | endre wikiteksten]Mario & Luigi: Superstar Saga har eit kampsystem som liknar dei i Super Mario RPG: Legend of the Seven Stars og Paper Mario, der knappetrykk på rette tidspunkt kan gjeva ein fordelar i kamp, som auka effekt frå eigne åtak eller redusert skade frå fiendar. Dette systemet spelar ein større rolle i Superstar Saga, då korrekte knappetrykk ikkje berre aukar skaden frå åtak, men kan også brukast til å heilt unngå eller slå tilbake åtak frå fiendar. Brørne kan velja mellom fire handlingar i kamp; solo-åtak, brør-åtak, bruk av utstyr eller å rømma frå kamp. Særskilt for spelet er såkalla «brør-åtak» (en: Bros. Moves) som blir tilgjengelege i kamp etter kvart som ein lærer nye eigenskapar. Desse lèt Mario og Luigi gå laus på fiendar samla, og kostar dei såkalla Brør-poeng (BP). Desse spesielle åtaka gjer ofte meir skade enn vanlege solo-åtak, og ein kan velja tre nivå med varierande vanskegradar for kvart Brør-åtak.
I likskap med andre Mario-spel på Game Boy Advance inneheld Superstar Saga ei utgåve av Mario Bros. som ein kan kopla til dei andre Super Mario Advance-spela. Spelet stør også ristefunksjon om ein speler det på ein Game Boy Player med GameCube-kontroll.