Mario & Luigi: Bowser's Inside Story
Mario & Luigi: Bowser's Inside Story | |||
Utviklar(ar) | AlphaDream | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | Nintendo | ||
Distributør | Nintendo eShop | ||
Komponist(ar) | Yoko Shimomura | ||
Serie | Mario & Luigi | ||
Plattform(er) | Nintendo DS, Nintendo 3DS | ||
Utgjeving | JP: 11. februar 2009 NA: 15. september 2009 EU: 19. oktober 2009 | ||
Sjanger | Rollespel | ||
Spelemodus | Einspelar | ||
Aldersgrense | PEGI 3 | ||
Nettstad | http://bowsersinsidestory.com/ | ||
Del av serien Mario & Luigi⠀ | |||
←Mario & Luigi: Partners in Time⠀ · Mario & Luigi: Dream Team Bros.→ |
Mario & Luigi: Bowser's Inside Story er eit rollespel utvikla av AlphaDream og utgjeve av Nintendo til Nintendo DS i 2009. Det er det tredje spelet i Mario & Luigi-serien.
Handlinga i Bowser's Inside Story følgjer Mario og Luigi, som er blitt slukt av Bowser, erkefienden deira. Mariobrørne lærer å hjelpe Bowser, som ikkje er medveten om at dei er inni han, medan han kjempar mot Fawful som har teke kontroll over Mushroom Kingdom. Spelet fokuserer på samarbeidet til trioen, der dei spesifikke ferdigheitene til kvar enkelt må brukast for å løyse gåter som gjer at ein kjem vidare i spelet. I likskap med tidlegare spel i Mario & Luigi-serien har Bowser's Inside Story eit turbasert kampsystem som legg stor vekt på timing.[1]
Ei nyutgjeving av spelet med oppdatert grafikk og nytt innhald, titulert som Mario & Luigi: Bowser's Inside Story + Bowser Jr.'s Journey, er under utvikling til Nintendo 3DS.[2]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Mario & Luigi: Bowser's Inside Story review». Eurogamer. Henta 2. april 2018.
- ↑ «Nintendo 3DS: Mario & Luigi: Bowser's Inside Story + Bowser Jr's Journey». nintendo.no. Henta 2. april 2018.