Maiduguri
Maiduguri | |||
by | |||
Land | Nigeria | ||
---|---|---|---|
Folketal | 1 197 497 (2009) | ||
Maiduguri 11°50′00″N 13°09′00″E / 11.833333333333°N 13.15°E | |||
Wikimedia Commons: Maiduguri |
Maiduguri er ein by som ligg nordaust i Nigeria, rundt 11 mil sørvest for Tsjadsjøen. Han er delstatshovudstad for Borno og har rundt 1,1 millionar innbyggjarar (2004).[1]
Maiduguri blei grunnlagd av britane kring 1907.[1] Det moderne Maiduguri omfattar også Yerwa, som blei grunnlagd i same tidsrommet som hovudstad for kanurifolket. Byen har lenge vore eit viktig handelssentrum og vegknutpunkt.[1] Statusen som kommersielt sentrum blei styrkt då jernbanen kom i 1964.[2] Byen er no ein av dei største i Nord-Nigeria. Han er sluttpunkt for jernbanelinjer frå Lagos og Port Harcourt.[1] Han har også ein flyplass, Maiduguri International Airport. Maiduguri er sete for eit universitet grunnlagd i 1975 og ein teknisk høgskule.[1]
Dei fleste innbyggjarane i byen er kanuritalande muslimar, men det finst også fleire minoritetsgrupper, mellom anna kristne. Byen har fleire gonger opplevd valdsame samanstøyt med etnisk eller religiøs bakgrunn, mellom anna i 1982,[3] 2001,[4] i samband med Muhammed-karikaturane i Jyllands-Posten i 2005,[5] og i 2009.[6]
Maiduguri er opphavsstaden for terroristgruppa Boko Haram, og har seinare vore åstad for terorriståtak og kampar om byen. Boko Haram gjekk til åtak på ein militær- og ein flybase i nærleiken i desember 2013, og prøvde å ta kontroll over byen.[7] 10. januar 2015 drap eit bombeåtak under mandagsmarknaden her 19 menneske.[8] Natt til 25. januar same år byrja fleire hundre Boko Haram-soldatar eit større militæråtak på byen,[7] men blei raskt drivne ut.[9] 7. mars 2015 drap fem ulike sjølvmordsbomber over 50 menneske og såra over 140.[10] 11. august drap eit nytt åtak på marknaden rundt 50 menneske.[11]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Maiduguri», Store norske leksikon, henta 7. november 2010
- ↑ Maiduguri, Encyclopædia Britannica, lese 2010-05-13
- ↑ «Nigerian Toll Put at 452 In Religious Riots», New York Times, 1. november 1982, henta 7. november 2010
- ↑ Barnaby Phillips (10. januar 2001), «Eclipse triggers Nigeria riot», BBC News, henta 7. november 2010
- ↑ ReliefWeb: Nigeria's northeast state imposes curfew after religious crisis, henta 6. april 2007
- ↑ Nigerian Islamist attacks spread, BBC, 27. juli 2009, henta 27. juli 2009
- ↑ 7,0 7,1 Mark, Monica (25 January 2015). «Nigerian City Under Attack from Suspected Boko Haram Militants». The Guardian. Henta 25 January 2015.
- ↑ Nossiter, Adam (10 January 2015). «In Nigeria, New Boko Haram Suicide Bomber Tactic: "It's a Little Girl"». The New York Times. Henta 25 January 2015.
- ↑ Faith Karimi and Aminu Abubakar (26. januar 2015). «Nigerian soldiers save one city from Boko Haram but a nearby one is seized». CNN.com. Henta 29. januar 2015.
- ↑ «5 suicide bomb blasts rock Maiduguri city in northeast Nigeria, 54 dead, 143 wounded: official». AP. 7. mars 2015. Arkivert frå originalen 8. mars 2015. Henta 7. mars 2015.
- ↑ «Suspected Boko Haram bomb in Nigerian market kills about 50», The Guardian, 12 August 2015
- Denne artikkelen bygger på «Maiduguri» frå Wikipedia på svensk, den 9. desember 2014.