Hopp til innhald

Kanuri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kanuri
Klassifisering Nilosaharisk
 Saharisk
  Vestleg
Talarar Kanuri- og kanembufolk
Bruk
Tala i Nigeria, Niger, Tsjad, Kamerun
Kanuritalande i alt 4 millionar (1985–2006)
Språkkodar
ISO 639-1 kr
ISO 639-2 kau
ISO 639-3 kau
Glottolog kanu1279

Kanuri er eit dialektkontinuum av språk tala av om lag 4 millionar menneske av kanuri-folket, som bur kring Tsjadsjøen, i Kamerun, Niger, Nigeria, og Tsjad. Språket høyrer til dei sahariske språka, som det er vanleg å rekne som ei grein av ein større nilosaharisk språkfamilie. Kanuri er eit viktig lingua franca i områda kring Tsjadsjøen. I delstaten Borno er det undervisningsspråk i grunnskulen, og det blir nytta i massemedia og i parlamentet.

Kart som viser utbreiinga av fem typar kanuri: *BMS Kanuri, Bilma *KNC Kanuri, Central *KBY Kanuri, Manga *KRT Kanuri, Tumari *KBL Kanembu

Hovuddialektane er:

  • Yerwa
  • Suwurti
  • Kanembu

Standardspråket byggjer på yerwa-dialekten.