Kapsel i bakteriologi
Utsjånad
Kapslar er strukturar av polysakkarid som finst på yta til mange bakteriar. Dei er viktige for overlevinga av bakterieseller i ein vert; dei vernar sellene mot immunsystemet til verten.
Kapslar ymsar mykje i oppbygging, sjølv innanfor den same arten. I Escherichia coli er det funne nesten 80 serotypar av kapslar. Trass i ymsinga i oppbygging, er spennet i strategiane nytta i biosyntesen og samansetjinga av kapslar avgrensa.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Whitfield, Chris (juli 2006). «Biosynthesis and Assembly of Capsular Polysaccharides in Escherichia coli». Annual Review of Biochemistry. doi:10.1146/annurev.biochem.75.103004.142545. Arkivert frå originalen 7. juli 2019.