Gram-positiv bakterie
Utsjånad
Gram-positive bakteriar er bakteriar som held på den blå fargen ved gramfarging. Dei skil seg frå gram-negative bakteriar på selleveggene. Selleveggene til gram-positive bakteriar har eit peptidoglykanlag som er mykje tjukkare (20–80 nanometer) enn det som gram-negative har (< 10 nm), og det er bygt opp av fleire lag. Gram-positive bakteriar har heller ikkje ein ytre sellemembran slik som gram-negative bakteriar har.
I selleveggene og sellemembranane til dei fleste gram-positive bakteriane er teikoidsyrer viktige komponentar.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«grampositiv» i Store medisinske leksikon, snl.no. Henta 26. desember 2016.
- Mai-Prochnow, Anne; Clauson, Maryse; Hong, Jungmi; Murphy, Anthony B. (9. desember 2016). «Gram positive and Gram negative bacteria differ in their sensitivity to cold plasma». Scientific Reports. doi:10.1038/srep38610.
- Smole, Sandra C; King, Lisa A; Leopold, Peter E; Arbeit, Robert D (februar 2002). «Sample preparation of Gram-positive bacteria for identification by matrix assisted laser desorption/ionization time-of-flight». Journal of Microbiological Methods. doi:10.1016/S0167-7012(01)00315-3.
- Andre kjelder:
- ↑ Neuhaus, Francis C.; Baddiley, James (1. desember 2003). «A Continuum of Anionic Charge: Structures and Functions of D-Alanyl-Teichoic Acids in Gram-Positive Bacteria». Microbiology and Molecular Biology Reviews. doi:10.1128/MMBR.67.4.686-723.2003.