John Sykes
John Sykes | |||
Sykes i 2008 | |||
Fødd | 29. juli 1959 (65 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Reading i Berkshire i England | ||
Fødenamn | John James Sykes | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | Sidan 1980 | ||
Sjanger | |||
Instrument |
| ||
Verka som |
|
John James Sykes (fødd 29. juli 1959) er ein engelsk gitarist, mest kjend som medlem av Whitesnake, Thin Lizzy og Tygers of Pan Tang. Han har òg fronta hardrockgruppa Blue Murder og gitt ut fleire soloalbum.
Etter ein periode i heavy metal-bandet Tygers of Pan Tang på byrjinga av 1980-talet, vart Sykes med i den irske hardrockgruppa Thin Lizzy på deira album Thunder and Lightning frå 1983. Han vart deretter med i Whitesnake, som han spelte inn det multi-platina-seljande albumet med same namn i 1987. Sykes vart likevel sparka frå bandet før plateutgivinga under bitre omstende, noko som førte til at han danna si eiga gruppe, Blue Murder. Etter to album og ei liveplate starta han ein solokarriere. Resten av 1990-talet og byrjinga av 2000-talet delte Sykes tida si mellom solokarrieren og eit reformert Thin Lizzy, som han fronta fram til 2009, då han forlét bandet for å fokusera på solokarrieren.
Påverka av folk som Jimmy Page, Ritchie Blackmore og Gary Moore, er Sykes kjent for den særeigne spelestilen sin, karakterisert av hans raske alternative plektering, bruk av overtonar og sans for melodi. I 2004 vart han inkludert på Guitar World si liste over dei 100 beste heavy metal-gitaristane gjennom tidene. I 2006 lanserte Gibson ein avgrensa serie med John Sykes Signature Les Paul-gitar, som var modellert etter hans Gibson Les Paul Custom frå 1978.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Soloalbums
[endre | endre wikiteksten]- Out of My Tree (1995)
- Loveland (1997)
- 20th Century (1997)
- Nuclear Cowboy (2000)
- Bad Boy Live! (2004)
med Tygers of Pan Tang
[endre | endre wikiteksten]- Spellbound (1981)
- Crazy Nights (1981)
- The Cage (1982) (spor 8 og 10)
med Thin Lizzy
[endre | endre wikiteksten]- Thunder and Lightning (1983)
- Life (1983)
- One Night Only (2000)
med Whitesnake
[endre | endre wikiteksten]- Slide It In (1984)
- Whitesnake (1987)
med Blue Murder
[endre | endre wikiteksten]- Blue Murder (1989)
- Nothin' but Trouble (1993)
- Screaming Blue Murder: Dedicated to Phil Lynott (1994)
Med andre artistar
[endre | endre wikiteksten]År | Artist | Album | Spor | Rolle | Kjelde(r) |
---|---|---|---|---|---|
1992 | Def Leppard | Adrenalize | N/A | Korvokal | |
1996 | Ymse artistar | Crossfire: Salute to Stevie Ray | «Pride and Joy» | Gitar | [1] |
1998 | Ymse artistar | Merry Axemas 2 – More Guitars for Christmas | «God Rest You Merry, Gentlemen» | Gitar, produsent, miksar | [2] |
2001 | Phil Lynott | Live in Sweden 1983 | Alle spor | Gitar, korvokal | [3] |
2002 | Hughes Turner Project | HTP | «Heaven's Missing an Angel» | Gitar | [4] |
2004 | Derek Sherinian | Mythology | «God of War» | Gitar | [5] |
2016 | Rick Wakeman, Tony Ashton | Gastank | «Growing Up», «The Man's a Fool» | Gitar | [6] |
2018 | Ymse artistar | Moore Blues for Gary: A Tribute to Gary Moore by Bob Daisley and Friends | «Still Got the Blues» | Gitar | [7] |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «John Sykes» frå Wikipedia på engelsk, den 26. april 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Ymse artistar – Crossfire: Salute to Stevie Ray». AllMusic. Henta 26. april 2023.
- ↑ «Ymse artistar – Merry Axemas, Vol. 2: More Guitars for Christmas». AllMusic. Henta 26. april 2023.
- ↑ «Phil Lynott – Live in Sweden 1983». AllMusic. Henta 4. januar 2021.
- ↑ «Hughes-Turner Project – Hughes-Turner Project». AllMusic. Henta 26. april 2023.
- ↑ «Derek Sherinian – Mythology». AllMusic. Henta 26. april 2023.
- ↑ «Rick Wakeman / Tony Ashton – Gastank». AllMusic. Henta 27. mars 2021.
- ↑ Lewry, Fraser (6. desember 2018). «The story behind this year's all-star tribute to Gary Moore album». Classic Rock. Louder. Henta 26. april 2023.