Jørn Lund
Utsjånad
Jørn Lund | |||
| |||
Fødd | 30. januar 1946 Viborg i Danmark | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Kongeriket Danmark | ||
Yrke | lingvist, professor, redaktør | ||
Institusjonar | Københavns Universitet | ||
Alma mater | Bagsværd Kostskole og Gymnasium | ||
Medlem | Det Danske Akademi Dansk Sprognævn Det Norske Videnskaps-Akademi Det Norske Akademi for Språk og Litteratur Det Danske Sprog- og Litteraturselskab |
Jørn Lund (fødd 30. januar 1946 i Viborg) er ein dansk språkforskar. Han var professor i dansk språk ved Danmarks Lærerhøjskole frå 1980.[1]
Lund var direktør i Det Danske Sprog- og Litteraturselskab 2002-2011. Han vart sjefredaktør i Den Store Danske Encyklopædi i 1991–2001, og har vore direktør i det danske forlaget Gyldendal. Han har vore leiar for to språkpolitiske utval oppnemnd av kulturdepartementet.[1]
Han har vore medlem i Det Danske Akademi frå 1989, m.a. som sekretær. Han er òg medlem i Dansk Sprognævn,[1] og korresponderande medlem i Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur. Han er medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi.[2]
Lund har skrive fleire bøker.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Jørn Lund» (på dansk). Den Store Danske. Henta 6. mars 2016.
- ↑ «Gruppe 5: Filologi og språkvitenskap». Det norske vitenskapsakademi. Henta 6. mars 2016.