Inger Jacobsen
Inger Jacobsen | |||
| |||
Fødd | 13. oktober 1923 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Christiania | ||
Død | 21. juli 1996 (72 år) | ||
Dødsstad | Oslo | ||
Fødenamn | Inger Johanne Jacobsen | ||
Opphav | Noreg | ||
Aktiv | 1941–1994 | ||
Sjanger | pop | ||
Instrument | vokal | ||
Verka som | skodespelar, songar, plateartist, jazzmusikar | ||
Gift med | Jackie Hein Bülow Jantzen | ||
Prisar | Leif Justers ærespris, Kongens fortenestmedalje i gull |
Inger Johanne Jacobsen (13. oktober 1923–21. juli 1996) var ein norsk songar og skodespelar.
Familie
[endre | endre wikiteksten]Jacobsen gifta seg i 1950 med buktalaren Jackie Hein Bülow Jantzen (fødd 8. januar 1923 i Odense, død 1. oktober 1959 i Lørenskog), som brukte scenenamnet Jackie Bülow. Dei var begge engasjerte av Jens Book Jensen på fleire av hans oppsetjingar på Chat Noir og turnéar i Noreg og utlandet i 1950-åra.[1][2]
Artistkarriere
[endre | endre wikiteksten]Jacobsen gav ut si fyrste plate allereie i 1941. Det var «Du er alltid i mine tanker»/«To små hjerter» med Kristian Haugers Danseorkester på Telefunken. Dei var henta frå filmen Den forsvundne pølsemaker. Etter krigen vart ho ein svært populær songar. Ho var på plateselskapa Musica (1946–1953) og Columbia (1954–1970), og var lett gjenkjenneleg med den mjuke, djupe altrøysta si. Som skodespelar og artist opptredde ho i revyar, tv, radio og teater heilt fram til 1990-åra, frå 1976 som tilsett ved Riksteatret.
Inger Jacobsen deltok i den norske Melodi Grand Prix-finalen fire gongar, og vann finalen i 1962 med songen «Kom sol, kom regn». Hennar største slagar, singelen «Frøken Johansen og jeg» frå 1959, selde i over 50 000 eksemplar.[4] Innspelinga var meint som ein parodi på datidas mange skillingsvise-liknande slagarar og måten dei vart sungne på.
Deltakingar i Melodi Grand Prix
[endre | endre wikiteksten]- 1960: «Den dag du kommer»
- 1960: «Et sommereventyr»
- 1960: «En drøm er alt»
- 1960: «En aften igjen»
- 1960: «Ny smart hatt»
- 1960: «Voi Voi»
- 1960: «Lille Lilli-Ann fra Lillesand»
- 1962: «Våre skal dagene være»
- 1962: «Kom sol, kom regn»
- 1964: «Hvor?»
- 1971: «India»
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]- 1958: Djupt in i skogen
- 1958: Vi seiler mot lykken
- 1963: Letters From Norway, med Jens Book-Jenssen
- 1966: Inger Jacobsens beste
- 1967: Refrenget 1, med Thore Skogmann
- 1968: Refrenget nr. 2, med Thore Skogmann
- 1970: Refrenget nr. 3, med Thore Skogmann
- 1971: Refrenget nr. 4, med Thore Skogmann
- 1973: Vi er dus med hele landet, med Jens Book-Jenssen
- 1974: Einar Schankes gledeshus
- 1977: Julerefrenget, med Thore Skogmann
- 1979: Jeg har mitt hjerte i Oslo
- 1993: Ja, vi husker
- 2006: Diamanter
- 2007: Refrenget - 41 sangfavoritter, med Thore Skogmann
- 2007: Presang til mor
Filmografi
[endre | endre wikiteksten]- 1941: Den forsvundne pølsemaker (stemme), radiosongar
- 1957: Smuglere i smoking (stemme), songar
- 1966: Kontorsjef Tangen, Fru Tangen
- 1975: Einar Schankes gledeshus
- 1975: Skraphandlerne, Tante Liv
- 1994: I de beste familier, Ruth
- 1994: Mot i brøstet, Vaskedama Agnes
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Solheim, John (1962). «Ut på turné igjen». Norge rundt med Booken. Aschehoug. s. 109–110.
- ↑ Solheim, John (1962). «Amerikaferd». Norge rundt med Booken. Aschehoug. s. 135.
- ↑ Norsk biografisk leksikon
- ↑ «Inger Jacobsen – Frøken Johansen og jeg». hitsnorge.no. Hits Norge. Henta 10. august 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Inger Jacobsen» frå Wikipedia på bokmål, den 13. mars 2023.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Einskildkvinner
- Fødde i 1923
- Døde i 1996
- Norske songarar
- Norske visesongarar
- Norske skodespelarar
- Norske Eurovision Song Contest-deltakarar
- Eurovision Song Contest 1962-deltakarar
- Melodi Grand Prix-vinnarar
- Melodi Grand Prix 1960-deltakarar
- Melodi Grand Prix 1962-deltakarar
- Melodi Grand Prix 1964-deltakarar
- Melodi Grand Prix 1971-deltakarar
- Folk frå Oslo