I Should Have Known Better
«I Should Have Known Better» Singel av The Beatles frå albumet A Hard Day’s Night | ||
B-side |
«Tell Me Why»" | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Hausten 1964 | |
Innspelt | Abbey Road Studios 25.–26. februar 1964 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 02:44 | |
Selskap | Parlophone | |
Komponist | John Lennon, Paul McCartney | |
Tekstforfattar | John Lennon, Paul McCartney | |
Låtskrivar(ar) | John Lennon/Paul McCartney | |
Produsent | George Martin | |
The Beatles-kronologi | ||
«A Hard Day’s Night» (1964) |
«I Should Have Known Better» | «If I Fell» (1964)
|
«I Should Have Known Better» er ein song av John Lennon[1][2] (kreditert til Lennon/McCartney) og opphavleg gjeven ut av The Beatles på albumet A Hard Day’s Night i 1964. Songen vart gjeven ut på singel i Europa og gjekk til topps på VG-lista i Noreg.[3]
Skaping
[endre | endre wikiteksten]I januar 1964, medan Beatles spelte tre veker på Olympia Theatre i Paris, vart The Beatles kjende med musikken til den amerikanske visesongaren Bob Dylan og fekk tak i albumet hans Freewheelin’ Bob Dylan.[4] Den amerikanske journalisten Al Aronowitz introduserte dei for Dylan då Beatles vitja New York i februar 1964 og Dylan vart vidare ei stor inspirasjonskjelde for gruppa, særleg på Lennon.[5] Ein av følgjene av dette var songen «I Should Have Known Better».[6]Paul McCartney sa at Dylan sine songane hadde flotte tekstar[7] og Lennon sa at Dylan inspirerte han til å skrive tekstar med meir meining.[8]
Ein orkester-versjon av songen dirigert av George Martin er på B-sida av den amerikanske utgåva av albumet.
Songen vart spelt inn over to dagar 25. og 26. februar 1964 ved Abbey Road Studios. Mono- og stereoutgåvene har noko forskjellig munnspelintroar.[9]
Songen vart først gjeve ut på albumet A Hard Day’s Night i Storbritannia den 10. juli 1964. Her vart han ikkje gjeve ut på singel før han kom som B-side på ei singelutgåve av «Yesterday» i 1976.[10][11] I USA vart songen gjeven ut 13. juli 1964 som B-sida til singelen «A Hard Day’s Night».[12][13] I Europa vart songen gjeven ut på singel og gjekk mellom anna inn på listene i Vest-Tyskland og i Noreg.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- John Lennon — vokal, akustisk rytmegitar, munnspel
- Paul McCartney — bassgitar
- George Harrison — 12-strengar sologitar
- Ringo Starr — trommer
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]Songen vart spelt av The Beach Boys i 1965.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «I Should Have Known Better» frå Wikipedia på engelsk, den 5. oktober 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ David =Sheff (2000). All We Are Saying: The Last Major Interview with John Lennon og Yoko Ono. New York: St. Martin's Press. s. 194. ISBN 0-312-25464-4.
- ↑ Barry Miles (1997). Paul McCartney: Many Years From Now. New York: Henry Holt & Company. s. 164. ISBN 0-8050-5249-6.
- ↑ VG-lista
- ↑ The Beatles (2000). The Beatles Anthology. London: Cassell& Co. s. 112. ISBN 0-304-35605-0.
- ↑ Bill Harry (2000). The Beatles Encyclopedia: Revised og Updated. London: Virgin Publishing. s. 357-359. ISBN 0-7535-0481-2.
- ↑ Ian MacDonald (1994). Revolution in the Head: The Beatles' Records and the Sixties. New York: Henry Holt and Company. s. 85. ISBN 0-8050-2780-7.
- ↑ Barry Miles (1997). Paul McCartney: Many Years From Now. s. 195.
- ↑ David Sheff (2000). All We Are Saying. s. 179.
- ↑ Craig Cross (2005). The Beatles: Day-by-Day, Song-by-Song, Record-by-Record. Lincoln, NE: iUniverse, Inc. s. 384. ISBN 0-595-34663-4.
- ↑ Craig Cross (2005). The Beatles: Day-by-Day, Song-by-Song, Record-by-Record. s. 592.
- ↑ Mark Lewisohn (1988). The Beatles Recording Sessions. s. 200.
- ↑ Craig Cross (2005). The Beatles: Day-by-Day, Song-by-Song, Record-by-Record. s. 530-531.
- ↑ Mark Lewisohn (1988). The Beatles Recording Sessions. s. 201.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Føregangar «I Won’t Forget You» Jim Reeves |
Toppen av VG-lista 2 veker, veke 42–43 1964 |
Etterfylgjar «Oh, Pretty Woman» Roy Orbison |