Ask Me Why
Ask Me Why av The Beatles | ||
A-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 11. januar 1963 (UK) 25. februar 1963 (USA) | |
Innspelt | 26. november 1962 | |
Sjanger | pop | |
Lengd | 2:24 | |
Selskap |
| |
Komponist | John Lennon, Paul McCartney | |
Tekstforfattar | John Lennon, Paul McCartney | |
Låtskrivar(ar) | Lennon–McCartney |
«Ask Me Why» er ein song av det engelske rockebandet The Beatles først gjeven ut i Storbritannia som B-sida til singelen «Please Please Me». Han var òg med på debutalbumet deira, Please Please Me.
Komposisjon
[endre | endre wikiteksten]Songen var skriven tidleg i 1962 og er i røynda ein song av John Lennon,[1] men vart tilskriven Paul McCartney ogJohn Lennon, slik alle dei originale songane på Please Please Me vart. Paul McCartney sa «Det var John sin originale idé og me sat oss ned og skreiv han i lag, men det var hovudsakleg John sin.»[2][3] Han vart framført på konsertane deira før dei fekk platekontrakt og var ein av dei songane dei spelte inn under den første innspelinga si for Parlophone i Abbey Road studio to den 6. juni 1962.[4][5][6] Songen etterliknar stilen til Smokey Robinson and the Miracles, som Lennon var inspirert av. Den førte gitarfrasen i songen er henta frå The Miracles sin «What's So Good About Goodbye» (1961).[7]
Innspeling
[endre | endre wikiteksten]«Ask Me Why» vart opphavleg spelt inn i Abbey Road studio den 6. juni 1962 med trommeslagaren Pete Best. Sidan innspelinga var ein «kommersiell test», vart ikkje nokre av innspelingane den dagen rekna som høvande for utgjeving, og ein trudde lydbanda var blitt øydelagd av EMI. Men to songar overlevde, «Besame Mucho» og «Love Me Do» vart seinare funne på acetat-plater.[8][9][10]
Songen vart spelt inn på ny, i lag med «Please Please Me», den 26. november 1962 med Ringo Starr på trommer. The Beatles øvde òg på «Tip of My Tongue», ein annan Lennon- og McCartney-song som dei vurderte som B-sida til «Please Please Me».[7] George Martin meinte derimot at «Tip of My Tongue» framleis var uferdig og gav han til slutt til Tommy Quickly som spelte han inn.[11]
Andre utgjevingar
[endre | endre wikiteksten]- Capitol Records, motparten til EMI og Parlophone i USA, avslo først å distribuere musikken til Beatles i USA og «Please Please Me»/«Ask Me Why» vart derfor gjeven ut på Vee-Jay Records den 25. februar 1963.
- Vee-Jay inkluderte «Ask Me Why» på den andre versjonen av Introducing... The Beatles.
- Capitol gav til slutt «Ask Me Why» i 1965 på The Early Beatles då rettane til Vee-Jay opphøyrte.
- Eit konsertopptak frå desember 1962 kom ut på den tyske/britiske versjonen av Live! at the Star-Club in Hamburg, Germany; 1962 i 1977, men var ikkje med på den første amerikanske utgåva.
- Ein versjon vart spelt inn for BBC den 3. september 1963. Denne kom ut på On Air – Live at the BBC Volume 2 i 2013.
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]Songen vart spelt inn av The Smithereens på albumet deira 2008 B-Sides The Beatles.[12]
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- John Lennon – vokal, akustisk rytmegitar
- Paul McCartney – bass, korvokal
- George Harrison – sologitar, korvokal
- Ringo Starr – trommer
Lydteknikar var Norman Smith
- Personell per Ian MacDonald[7][3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ask Me Why» frå Wikipedia på engelsk, den 10. mars 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Harry, Bill (1992). The Ultimate Beatles Encyclopedia. London: Virgin Books. ISBN 0-86369-681-3.
- Lewisohn, Mark (1988). The Complete Beatles Recording Sessions. London: Hamlyn. ISBN 0-600-55798-7.
- Lewisohn, Mark (2013). The Beatles: All These Years. Volume one - Tune In (Extended Special utg.). London: Little, Brown. ISBN 978-1-4087-0478-3.
- MacDonald, Ian (2005). Revolution in the Head: The Beatles' Records and the Sixties (Second Revised utg.). London: Pimlico (Rand). ISBN 1-84413-828-3.
- Miles, Barry (1998). Paul McCartney: Many Years From Now. London: Vintage. ISBN 0-7493-8658-4.
- Pollack, Alan W. (27 March 2001). «Notes on «Ask Me Why»». Notes On Series.
- ↑ Miles 1998, s. 92.
- ↑ Barry Miles. Paul McCartney: Many Years From Now
- ↑ 3,0 3,1 Ask Me Why | The Beatles Bible
- ↑ Miles 1992, s. 92.
- ↑ Harry 1992, s. 50.
- ↑ Lewisohn 2013, s. 1222-1230.
- ↑ 7,0 7,1 7,2 MacDonald 2005, s. 64–65.
- ↑ Lewisohn 1988, s. 17.
- ↑ Lewisohn 2013, s. 1222-1230, 1232.
- ↑ http://www.beatle.net/50th-anniversary-of-beatles-commercial-test-at-abbey-road/
- ↑ Lewisohn 1988, s. 23.
- ↑ Deming, Mark. Ask Me Why på Allmusic. Henta 27 December 2016.