Hal Lindes
Hal Lindes | |||
Hal Lindes med Dire Straits i Newcastle City Hall | |||
Fødd | 30. juni 1953 (71 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Monterey i California i USA | ||
Fødenamn | Hal Andrew Lindes | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1979– | ||
Sjanger | Rock | ||
Instrument | vokal, gitar | ||
Tilknytte artistar | Dire Straits | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar, filmmusikk |
Hal Andrew Lindes (fødd 30. juni 1953) er ein engelsk-amerikansk gitarist og filmmusikkomponist.
I 1979 spelte han gitar med rockegruppa Darling. Dei fekk kontrakt med Charisma Records og gav ut singelen «Do You Wanna» og albumet Put It Down To Experience same året.[1] I 1980 byrja han innspelinga av eit soloalbum med produsent Al Kooper, i lag med Herbie Flowers på bass og John Bradbury (frå The Specials) på trommer. Prosjektet stoppa opp halvvegs då Lindes vart invitert av Mark Knopfler til å bli med i det britiske rockebandet Dire Straits.
Dire Straits (1980-1985)
[endre | endre wikiteksten]Lindes vart fulltidsmedlem av Dire Straits i slutten av 1980, medan bandet var på turné med det tredje albumet sitt, Making Movies. Under den fem år lange perioden med bandet voks Dire Straits frå å spele små klubbar til utselde stadion. Han var med på det neste albumet deira, Love Over Gold i 1982 og EPen ExtendedancEPlay i 1983.
I tida med Mark Knopfler var han òg involvert i å skrive musikk til David Puttnam-filmen Local Hero frå 1983. Det var då han oppdaga at han ønskte å halde fram å skrive filmmusikk. Lindes turnerte med Dire Straits på verdsturneen deira i 1983 og var med på konsertalbumet Alchemy Live. Tidleg i 1985, medan Dire Straits spelte inn Brothers In Arms, slutta Lindes i Dire Straits for å bli filmmusikkomponist på fulltid.[2]
Filmmusikk (1985 til i dag)
[endre | endre wikiteksten]Hal Lindes har skrive musikk for mange filmar og vunne fleire prisar, mellom anna Royal Television Society Award for den BAFTA-nominerte filmen Reckless og ein TRIC-pris for beste kjenningsmelodi. Lindes er mest kjend for å ha skrive musikken til The Boys Are Back,[3] ein Miramax-film regissert av Scott Hicks med Clive Owen i ei av rollene.[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hal Lindes» frå Wikipedia på engelsk, den 20. oktober 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Darling (5) - Put It Down To Experience (Vinyl, LP, Album) at Discogs». Discogs.com. Henta 20. oktober 2014.
- ↑ «Hal Lindes - Biography». IMDb.com. Henta 20. oktober 2014.
- ↑ «The Boys Are Back Cast and Crew». IMDB. Henta 20. oktober 2014.
- ↑ «Diskografi». Hal Lindes. Henta 12. februar 2011.