ExtendedancEPlay
ExtendedancEPlay EP av Dire Straits | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1. oktober 1983 | |
Innspelt | Jam Studios, 1.–3. oktober 1982 | |
Sjanger | Roots rock, rock and roll | |
Lengd | 15:52 | |
Selskap | Vertigo, Warner Bros. (USA) | |
Produsent | Mark Knopfler | |
Dire Straits-kronologi | ||
---|---|---|
Love Over Gold (1982) |
ExtendedancEPlay | Alchemy (1984)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
ExtendedancEPlay er ein EP av det britiske rockebandet Dire Straits. Han vart gjeven ut den 10. januar 1983 av Vertigo Records internasjonalt og av Warner Bros. Records i USA.[2] Plata inneheld tre spor på den internasjonale versjonen og fire på den amerikanske versjonen, med songen «Badges, Posters, Stickers, T-Shirts» i tillegg, eit unytta spor frå innspelinga av Love Over Gold. EPen vert ofte kalla Twisting by the Pool, etter hitten og den første songen på plata.[1]
EPen består berre av livlege songar innan rock and roll, jazz og swing. Han har ingen songar med rolegare tempo som Dire Straits hadde vore kjend for. Utgjevinga er den første med trommeslagaren Terry Williams, som tok over etter trommeslagaren Pick Withers som slutta i gruppa i august 1982.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Mark Knopfler.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Twisting by the Pool» | 3:28 |
2. | «Badges, Posters, Stickers, T-Shirts» (berre USA-versjonen) | 4:47 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
3. | «Two Young Lovers» | 3:22 |
4. | «If I Had You» | 4:15 |
Total lengd: | 15:52 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Musikk
- Mark Knopfler – vokal, sologitar
- Hal Lindes – rytmegitar, korvokal
- Alan Clark – piano, Hammondorgel, synthesizer
- John Illsley – bass, korvokal
- Terry Williams – trommer (1,3,4)
- Pick Withers – trommer (2)
- Mel Collins – saksofon (3)
- Production
- Mark Knopfler – produsent
- John Etchells – lydteknikar[2]
Lister
[endre | endre wikiteksten]EP
[endre | endre wikiteksten]Liste (1983) | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard 200 | 53 |
Singlar
[endre | endre wikiteksten]Single | Liste (1983) | Plassering |
---|---|---|
«Twisting by the Pool» | New Zealand | 1 |
«Twisting by the Pool» | Noreg | 6 |
«Twisting by the Pool» | Sverige | 13 |
«Twisting by the Pool» | Sveits | 11 |
«Twisting by the Pool» | UK Singles Chart | 14 |
«Twisting by the Pool» | U.S. Bubbling Under Hot 100 Singles | 5 |
«Twisting by the Pool» | U.S. Top Tracks | 12 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «ExtendedancEPlay» frå Wikipedia på engelsk, den 20. oktober 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Ruhlmann, William. «ExtendedancEPlay». AllMusic. Henta 20. oktober 2014.
- ↑ 2,0 2,1 «ExtendeDancEPlay». Discogs. Henta 20. oktober 2014.