Gudmund Hernes
Gudmund Hernes | |||
| |||
Fødd | 25. mars 1941 Trondheim | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | skribent, politikar, professor, sosiolog | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
Alma mater | Johns Hopkins University Trondheim katedralskole | ||
Ektefelle | Helga Hernes, Charlotte Haug | ||
Sambuar | Sofie Rogstad | ||
Barn | Stein Hernes | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab |
Gudmund Hernes (fødd 25. mars 1941 i Trondheim) er ein norsk sosiolog, forfattar, politikar og tidlegare statsråd for Arbeiderpartiet.
Hernes sin sosiologi
[endre | endre wikiteksten]Som del av den første Maktutgreiinga utvikla Hernes modellar om makt basert på teoriar om målretta aktørar og med inspirasjon frå ny-klassisk økonomi.
I boka Makt og avmakt analyserte Hernes makt først og fremst som basert på eit byte mellom aktørane. Eit system kan t.d. vere sett saman av to aktørar som begge har kvar sin ressurs og der begge har interesse av den andre sin ressurs. Forholdet arbeidstakar - arbeidsgjevar er typisk i så måte der arbeidstakaren har interesse av pengar for å tene til livsopphaldet sitt, medan arbeidsgjevaren har interesse i arbeidaren si arbeidskraft. Ein aktør har makt i høve til ein annan aktør i kva grad den eine er avhengig av den andres ressurs.
Ut frå denne modellen vil ein aktør ha lita makt når vedkomande kontrollerer lite av interesse for andre. Den vil også minske i den grad andre aktørar kontrollerer saker av stor interesse for henne/han, eller at dei har kontroll over kva saker som skal avgjerast og i kva grad dei kan kontrollere kven som kan avgjere saka.
I boka Forhandlingsøkonomi og blandingsadministrasjon utvikla Hernes teoriane om makt i ein noko anna retning ved å setje ulike modellar, t.d. marknad, demokrati og byråkrati, opp mot einannan og sjå korleis dei empirisk perverterer kvarandre.
Sentrale bøker av Gudmund Hernes
[endre | endre wikiteksten]- Makt og avmakt. En begrepsanalyse (1975) ISBN 82-00-03229-9
- Om ulikhetens reproduksjon (1975) ISBN 87-7241-410-3
- Utdanning og ulikhet (m. Knud Knudsen) (1976) ISBN 82-00-70323-1
- Forhandlingsøkonomi og blandingsadministrasjon (redaktør) (1978) ISBN 82-00-05218-4
- Levekårsundersøkelsen. Demokrati og politiske ressurser (med Willy Martinussen), NOU 1980:7
Utdanning og yrkesbane
[endre | endre wikiteksten]- Artium ved Trondheim Katedralskole i 1960, historie mellomfag ved Noregs Lærarhøgskole i 1961, seinare sosialøkonomi støttefag (1963) og sosiologi grunnfag (1964) ved Universitetet i Oslo.
- 1966: Drog til Johns Hopkins University i USA, der han studerte under Arthur Stinchcombe og James S. Coleman, med sosiologisk teori og matematisk sosiologi som spesialemne.
- Tok Ph.D graden i 1970 på ein avhandling om maktforholda i det norske Stortinget: "Interest, Influence and Cooperation".
- 1969 Blei universitetslektor ved Universitetet i Bergen og professor same staden i 1971.
- I 1970-åra var han med i forskargruppa for den første Levekårsundersøkelsen, og var med å leie den første Maktutgreiinga.
- 1974-1975: Var Fellow ved Center for Advanced Study in the Behaviorial Sciences ved Stanford (Palo Alto).
- 1980-1981: Statssekretær i Planleggingssekretariatet (knytt til Finansdepartementet) leia av statsråd Per Kleppe.
- Frå 1983 var han knytt til FAFO som forskingsleiar og til Universitetet i Oslo som Professor II.
- Visiting Professor ved Harvard University i 1986-1987 og hausten 1990.
- Frå hausten 1990 til desember 1995: Statsråd i Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet
- Helseminister frå desember 1995 til oktober 1997.
- 1997-1999: Knytt til IT Fornebu og Norsk Investorforum.
- Desember 1999 blei han direktør ved UNESCO's International Institute for Educational Planning, og har også vore UNESCO's koordinator for HIV/AIDS.
- Medlem av Det norske Videnskaps-Akademiet, Det Kgl. Norske Videnskapers Selskab og Agder Akademi.
- Æresdoktor ved Universitet i Umeå.
Reaksjonar på Hernes
[endre | endre wikiteksten]Hernes sine synspunkt både som forskar og politikar har generert mykje kontrovers opp gjennom tida. På 1970-talet galdt det utforminga av og resultata til Maktutgreiinga. Frå slutten av 1980-talet har det først og fremst vore utdanningspolitikken og dei store reformene i grunn- og vidaregåande skule på 1990-talet (Reform 94 og Reform 97) samt innføringa av nye organisasjonsformer i Høgare utdanning.
Nokre kritiske arbeid
[endre | endre wikiteksten]- Maktens ansikter. Perspektiver på makt og maktforskning (1981) (red. K.Andenæs, T.Mathiesen og T.Johansen) ISBN 82-05-13120-1
- Makt i Norge. Hva gikk galt med maktutredningen? (1983) (red. O.Nordhaug og N.Veggeland) ISBN 82-7322-153-9
- Exorbitant exchange. The defective empirical foundations of sociological models of social exchange (1987) av Per Otnes, ISBN 82-570-0862-1
- Mistillitens sosiologi. Retorikk og reform i Hernes' utdanningspolitikk (2003) av Tom Are Trippestad (i boka Dannelsens forvandlinger) ISBN 82-530-2549-1
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Einskildmenn
- Fødde i 1941
- Norske sosiologiprofessorar
- Professorar ved Universitetet i Oslo
- Professorar ved Handelshøyskolen BI
- Professorar ved Harvard University
- Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi
- Medlemmar av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab
- Norske helseministrar
- Norske kunnskapsministrar
- Statsrådar i Regjeringa Brundtland III
- Ap-statsrådar
- Statssekretærar i Regjeringa Brundtland I
- Statssekretærar frå Ap
- Norske sakprosaforfattarar
- Folk frå Trondheim