Grunge
Grunge | |||
| |||
Stilmessig opphav | Alternativ rock, hardcore punk, heavy metal, indierock | ||
---|---|---|---|
Kulturelt opphav | Midten av 1980-åra i Washington i USA | ||
Typiske instrument | Elektrisk gitar, bassgitar, trommer, vokal | ||
Avleidde former | Post-grunge | ||
Musikalske scener | |||
Seattle |
Grunge-rock er ein musikksjanger som først og fremst blir sett i samband med ei rørsle frå Seattle på 1990-talet. Sjangeren blir også kalla Seattle-rock.
Stilen skulle i utgangspunktet vere ei vidareføring av heavy metal (sjå Alice in Chains), men etterkvart som musikkstilen til dei forskjellige grungebanda (sjå nedanfor) utvikla seg så forskjellig, vart sjangeren berre ei fellesnemning på «musikk frå Seattle». Felles for denne musikken var tunge, djupe toner med mørk stil og ofte angstfylte tekstar om sosial framandgjering, apati og eit ønske om fridom.
Mange reknar Neil Young som «gudfaren» til grungebanda. Han inspirerte både Pearl Jam, Nirvana og Sonic Youth.
Band som Pearl Jam, Alice in Chains, Nirvana, Puddle of Mudd og Soundgarden førte fram rørsla som ofte gav seg ut for å vere venstreorienterte og samfunnskritiske. Musikken tok også med seg «grungemoten», oftast lause klede, som til dømes flanellskjorter og dongeribukser og liknande.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Grunge rock» frå Wikipedia på bokmål, den 14. januar 2008.