Falsett
Utsjånad
Falsett (av italiensk falso, ’falsk’) er ein tale- og songteknikk der ein nyttar det øvste registret i røysta. Mannlega songarar som syng i falsett vert i klassisk musikktradisjon kalla kontratenorar. Også kvinner kan synge i falsett, men røystekvaliteten skil sig ikkje like mykje frå vanleg song.
Falsett er også vanleg i mannleg tale. Når gutar er i stemmeskifte kan røysta veksle ufrivillig mellom normalt register og falsett.
Kjente falsettsongarar innan pop og rock er mellom andre Brian Wilson (Beach Boys), Matthew Bellamy (Muse), King Diamond (Mercyful Fate), Barry Gibb (Bee Gees), Freddie Mercury (Queen), Justin Hawkins (The Darkness), Thom Yorke (Radiohead) og Neil Young .
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Falsett» frå Wikipedia på svensk, den 12. juli 2012.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Denne musikkartikkelen som har med song å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.