Hopp til innhald

Den olympiske hymnen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ærverdige antikkens ånd olympiske skapar, du som vernar desse leikane,
stig ned til oss og vis deg.
Ja, sprei ditt gylne lys ikring
vår jord og over din himmel,
og ta imot vår helsing
til ære for deg.

Lat ditt lys få fløyme rikt
ned over fjell og dalar.
Velsign dei stolte leikar,
fyll dei med kraft og sjel.

Lat laurbærkransen med dei vakre blad
få krone sigerherrens hovud.
Ja, lat den beste vinne
og kron hans kropp og sinn.
Velsign oss her i dag,
du ånd, vår store far.

I fakkelens lys på fjellets topp
reiser vi eit tempel i antikkens ånd.
Til dette tempel strøymer inn
folk frå heile vår jord,
til dette tempel som er vigd til deg,
ærverdige ånd og skapar.
Hit kjem alle verdas folkeslag i dag (x2)
for å ære deg, antikkens ånd.

Heile vår jord – heile vår jord
vil helse deg, ærverdige,
heile vår jord.

OL-hymnen

Den olympiske hymnen er ein kor-kantate skriven for Dei 1. olympiske leikane og sidan 1958 rekna som den offisielle songen for Dei olympiske leikane.

Hymnen vart skriven til Dei første olympiske leikane som vart arrangerte i Aten 1896, med tekst av Kostís Palamás og melodi av Spyrídon Samáras. Hymnen vart framført under opningsseremonien.

Arrangørar av seinare olympiske leikar har framført andre tilsvarande songar, men etter 1960 har dette verket vore offisiell OL-hymne.

Til vinter-OL 1994Lillehammer vart den olympiske hymnen omsett til norsk av Halldis Moren Vesaas. Hymnen vart sungen av Sissel Kyrkjebø under opningsseremonien til musikk arrangert av Frode Thingnæs framført av Forsvarets representasjonsorkester.