CMOS
Utsjånad

CMOS står for complementary MOS, komplementær MOS. Dette er ei fellesnemning for integrerte kretsar som blir bygde opp av felteffekttransistorar av både P-kanal- og N-kanal-type i kombinasjon.
For CMOS-teknologien lyt ein skilja mellom statisk og dynamisk effektforbruk. Tradisjonelt har CMOS-teknologien hatt lågt statisk effektforbruk. Dimed har dei hatt føremonen at dei logiske krinsane som dreg svært lite straum, bortsett frå når krinsen skiftar tilstand. I våre dagar, med støtt minkande transistordimensjonar, har det statiske effektforbruket nærma seg det dynamiske.
Teknikken ligg til grunnlag for dei fleste integrerte kretsane i dagens datamaskiner og andre elektroniske komponentar.