Hopp til innhald

Logikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Logikk er læra om lovene og reglane som gjer tenking, resonnement og argumentasjon gyldig («logisk»).

Den klassiske logikken går tilbake til Aristoteles si syllogismelære. Heilt sidan den gong har logikken vore ein av hovuddisiplinane i filosofien.

Den moderne logikken kan sporast tilbake til 1800-talet. Det var på denne tida at mellom andre George Boole, Augustus De Morgan og Gottlob Frege gjorde dei første forsøka på gi logikken ei matematisk framstilling (sjå boolsk algebra og formal logikk). Den mest grunnleggjande greina i moderne logikk er setningslogikken. Andre greiner er predikat-, klasse- og relasjonslogikk.

I løpet av 1900-talet blei logikken utvida til å gi rom for uvisse og sannsyn. Dette resulterte i utviklinga av mellom anna fleirverdi-, fuzzy- og kvantelogikk.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.