Bengt Fasteraune
Utsjånad
Bengt Fasteraune | |||
| |||
Fødd | 3. juni 1964 (60 år) | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Senterpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Bengt Fasteraune (fødd 3. juni 1964) er ein norsk militær offiser og politikar frå Rygge i Østfold. Han har sidan 2018 representert Oppland og Senterpartiet på Stortinget.
Fasteraune var oberstløytnant ved Heimevernets skole og kompetansesenter på Dombås inntil 2007. Etter eit par periodar i kommunestyret i Dovre kommune, var han ordførar i kommunen frå 2007 til 2018. I oktober 2018 rykte han inn på Stortinget som vararepresentant for avdøde Ivar Odnes. Han vart attvald i 2021. På Tinget er han medlem i Utanriks- og forsvarskomiteen.