Hopp til innhald

Jenny Klinge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jenny Klinge

Jenny Klinge i 2009
Foto: Senterpartiet
Fødd28. november 1975 (49 år)
Surnadal kommune
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Jenny Klinge (fødd 28. november 1975 i Surnadal) er ein norsk politikar frå Senterpartiet. Ho har vore stortingsrepresentant for Møre og Romsdal sidan 2008, først som fast møtande vara og frå 2009 på fast plass.

Politisk virke

[endre | endre wikiteksten]

I Surnadal var Klinge kommunestyre- og formannskapsmedlem 1999–2007, varaordførar 2003–2007, medlem i kulturstyret 1999–2003, og leiar i ungdomsrådet 1999–2003. Ho var medlem av Møre og Romsdal fylkesting 2003–2007, og i kraft av dette medlem av fylkeskulturutvalet og fylkesrådet for funksjonshemma. Leiar i Surnadal Senterparti 20022004.

Klinge møtte fast på Stortinget som vararepresentant for Eli Sollied Øveraas frå november 2006 til juli 2007, og frå april 2008 til september 2009. Klinge var då medlem i Stortingets transport- og kommunikasjonskomité, og var ein av saksordførarane for Nasjonal transportplan. I inneverande stortingsperiode er ho justispolitisk talsperson for Senterpartiet og medlem i Stortingets justiskomité.

Stortingskomitear

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]